ikkje-drama
eit ikkje-drama i fire dagar av jostein avdem fretland
ho: no er klokka halv, eg må gå!
han: ok, vi sjåast snart! hadet! (dei sender slengkyss, medan ho går nedover den tronge gangen)
(han ser etter ho, legg seg att)
(han vaknar)
(stille, maurice durflé spelar)
(stille, aphex twin spelar, han arbeider ved pulten)
(interessa falnar, folk går)
tolkien om ringdrotten
«Om det er noko indre meining eller «bodskap» i boka, har forfatteren ikkje tenkt ho slik. Ho er korkje allegorisk eller knytt til hendingar i tida.
(...)
Men eg mislikar allegori av fullt hjarte, på alle vis, og det har eg gjort frå eg vart gamal nok og aktsam nok til å merke meg kvar slikt finst. Eg likar helst soge, sann eller oppfunnen, med ulik appell til klangbotn, tanke røynsle hjå lesaren, medan allegorien er styrd av siktemålet til forfattaren.»
sjå!
kopar
å menneskje, syng tenoren, omkransa av stille strykarar. ein obo dansar inn og du knepper opp skjorta. mezzoen klagar medan dei koparraude gardinene fort blir trekt føre. i taket opnar himmelen seg, men under brest jordi.
stoppa sokkar
kastrere katten eller
ein kan også vandre omkring som ein springar i eit sjakkspel og vente på stundi når Lg5 kjem og eg skjønnar kva veg det ber. høyre på madrigalar og syngje med kontratenoren som best eg kan, før barokken gjer meg overflødig. fyre i jøtulen med tømde ølflasker og gamle bindersar, i von om å finne sanning i logane.
viss ikkje kan eg la den sløve sagi grava gjennom skinnet mitt, ta ut eit stykke meg til ho som sit taus og fortærer. eg kan enno ein gong smile nøgd med at hjartet ikkje sit i låret, og håpe at det held seg slik. er eg heldig, forsvinn ho når ho er mett. er eg heldig, knirkar det i døri når ho kjem, så eg høyrer ho.
kvar er du i alt dette; sit du i lyngen med ein plukkar og blå fingrar. spring du nedover eit fortau for å nå ein trikk. dansar du sveitt i blodfersk rus, er du gøymd bak koparraude gardiner i eit hus eg aldri har sett.
nyårsdag
Men gongen då du fell ventar. Framme i lysingi står han, med skinande sverd og rusten brynje. Svartbroten og med grove andletstrekk. Du fryktar han meir enn alt, og elskar han meir enn livet. Du spring mot han men forsvinn vekk. Du flyktar frå han, men ser augo hans nærme seg. Nyårsdagen er komen, kvar er rakettane.
Blitzsljoset blendar deg og du skvett bakover. Du er omgjeven av dei du elskar, graset og stjerneskota. Du er heime, vener syng og jenter dansar. I vestlidi ser du palmeblada kvervlast og fara opp mot tempelet. Du ser målet, strammar ryggsekken og legg av stad. Kart finn du der. Skoa tek du av. Ventetid kan koma når ein visnar, då kan ein vente på slutten, lata tempelet koma til seg. No spring du mot den store elvi over marki, rimet ligg sylvaktig og lyser vegen. Du kiker rundt alle svingar om brui snart kjem, men ho er ikkje å sjå. Alle vegar har ei bru, tenkjer du. Sjølv om du har rett i det, veit du ikkje kvar du finn ho, så du er like langt.
Då eg kom att, sto du framleis der, med små striper storkna blod i håret. Du var bøygd innåt veggen, og ribbeina dine var lause. Eg tok dei ut og skapte ei kvinne, nokon til å ta seg av deg, men du stengde ho ute. Resten av natti sto ho utanfor og hamra på glaset, til ho endeleg sokk saman på den frosne plenen. Eg tiltala deg for utruskap mot skapingi og dømde deg til døden, du steina deg. For kvar gong blir du mindre å plukke opp, og du spør deg kor mange augo som må til for å sjå det. Du skjønnar at det er seint, og legg deg, til straumen dreg deg opp og inn i kvervelen att. Palmene utanfor veks og visnar i takt med di eiga rotning. Ekorna i hagen byggjer hus til vinterern og fyller dei med tenner og anna dei fann. Det var faen til torsdag, du seier det høgt, så ingen høyrer det.
mat når alt anna er for stort og
sidan sist har eg vore ei veke i palestina. inntrykka var altfor mange og altfor overveldande til å skrive om no, så det får vente. det som derimot er jordnært og triveleg nok er å fortelja om den arabiske middagen eg laga til mariell for å feire at vi var heimkomne. ein sikker vinnar på det arabiske kjøkenet er nemleg maklouba, ein slags kjuklingformaktig substans.
uansett, du kokar ein del kjukling (ja, du kokar den) med kjuklingbuljong og kanskje litt safran. når kjuklingen er ferdig, tek du han ut og så kan du leggje risen i bløyt i buljongen. og så kan du godt laga litt grønsaker, til dømes paprika og lauk.

dei skal helst steikast i maklouba-krydder, som eg kjøpte på¨marknaden i jerusalem. dit kan jo du reise òg, eller så kan du heilt sikkert finne oppskrifter på nett med gode erstatningskrydder som går an å få tak i her.

som i dei fleste arabiske rettar, er hakka og rista mandlar ein naturleg del av maklouba. eg trur du med hell kan strø dei oppå til slutt.

ok, no kjem det morosame! start med ein tom kjel. så legg du nedi kjuklingen, sprer den litt utover, og syter for at det blir eit hol på midten. oppå kjuklingen legg du grønsakene, før du fyller holet med ris og legg resten på toppen. til slutt tek du vatnet du hadde risen i og tømmer på toppen. då blir det omlag slik:

no er det ein god del væte som må koke inn. det skal den få lov til. i mellomtidi kan du koke turkish coffee til kjærasten din, fordi det får ein gjerne når maten er forseinka i arabia.

(skal serverast i små, små koppar)

den er sterk og søt og heilt fantastisk.

ah, mykje betre. når du føler på deg at den er turr nok, er du klar til å servere. då tek du ein tallerken og legg som lok på kjelen. så snur du kjelen opp ned. ideelt sett ligg då makloubaen som ei vakker formkake på tallerkenen og du får evig god sjølvtillit på kjøkenet. det er mange mellomstadium mellom dette og katastrofe, og det er heilt lov å pynte litt på formi før du serverer. uansett, min maklouba såg slik ut:


så må du ha førebudd ein agurksalat, den skal helst vera agurk og tomat, men dersom du - som meg - har gløymt å kjøpe tomat, kan du jo vera kreativ. sjølv om eg ikkje er heilt sikker på om sølvlauk er fyrstevalet. yoghurt derimot, er heilt nødvendig. naturell, altså.

sånn, då er den ferdig. til dessert kan du eventuelt laga baspousa (som eg faktisk har lært meg å skrive på arabisk, بسبوسة), det laga eg i går kveld. det er godt og har kokos og semulegryn.
kriblingar
i dag kjenner eg det krible i meg. eg har nett prata med han som skal bli læraren min ei stund framover og avtala time. endelaus øving utan retning eller mål er så frustrerande og om sjølv om det er tre veker til, har eg iallfall noko å øve fram mot. det gjer meg glad!

sjå, så glad!
anna som gjer meg glad er den fine boki med fransk grammatikk eg fann i dag i ei kyrkje. eg skjønnar ikkje så mykje, men litt, sånn som L'alphabet français se compose de vingt-cinq lettres og Ces vingt-cinq lettres de l'alphabet se divisent en voyelles et en consonnes. Uttalereglar går òg fint; i est long dans église, dans gîte, et bref dans petite. o est long dans rose, dans apôtre, et bref dans botte.

snart skal eg bli flink! og tenk så fint viss eg endar opp med å tala mellomkrigsfransk! det håpar eg.
i grøderik jord
å byggje eit gjerde
nykelen til grindi
var svennebrev
no er eg byggmeister og læser meg
inn og ut kvar gong
avlingi treng vatn
forfatteri forfattera
For å skrive romanar må ein først og fremst vere fylt av eit kontrollert raseri og ei kjensle av at ein skal ut og ta dei, jævlane. - Ragnar Hovland
eg sit på turistkontoret og skriv søknad til furore-stipendet. tenkjer at eg skal ta dei, jævlane, veit berre ikkje heilt korleis. no grunnar eg på formuleringar og nyanseringar, for at det skal bli mest mogleg tydeleg at eg faktisk treng pengar.
elles får eg meir og meir respekt for ragnar hovland. det er noko deilig upretensiøst ved hans måte å skrive på. eigentleg minner han meg om arve henriksen; stille virtuositet. ta til dømes bussen til peking, som opnar med dei fyrste vel 50 sidene av ein krimroman, utan noko form for løysing - glitrande lite sjølvhøgtideleg. eg trur neste bok på leselista mi lyt bli åleine i alpane.
men fyrst: a concise chinese-english dictionary for lovers. og altså furore.
artists i may like?

ok eg er klar no
som nemnt har eg vore på eit tredagars skrivekurs i aurland, og produktet av det kurset har eg no endeleg lagt ut. Ikkje her, men her. det er ei meining bak alt som står i novella, så viss du ikkje skjønnar det fyrste gongen, klarar du det viss du les ein gong til. eller iallfall gongen etter det. håpar eg. uansett. koseleg viss nokon les.
pre-eksaminært smudi-intermezzo


paprikahjarte
leitar ein etter ei unnskulding for å kysse i staden for å laga mat, kan eit paprikahjarte vera kjekt å ha.




sånn er det. elles arbeider eg mykje med eksamenskonserten min no; øver og programmerer, komponerer og arrangerer. ein del ting eg burde gjort for lengje sidan, men det er gøy, så det går fint. dersom nokon av dykk har lyst til å koma, er de sjølvsagt hjarteleg velkomne den åttande juni, ein-eller-annan gong midt på dagen, i aulaen på firda vgs., sandane. konserten varar omlag ein halv time.
så var iallfall det sagt. no skal eg øve.
17.mai.2009

føtene mine treivst her, dei lufta seg og smilte. la seg i glaset og såg utover arrondissementet sitt, tenkte at i desse gatene kan vi godt trakke meir ein gong; brustein er triveleg underlag og langbrød er godt til frukost. jazz et vi om kvelden og til middag serverer vi opus & innrammingar på ei lun seng av lukke.
eg trur ikkje lengre på illusjonen; viss han finst, vil eg sjølv finne han. til då let eg meg forføre.
kreative måtar å frakte drikkevarer på sykkel. ei historie i bilete og nokre få ord.

du treng: tannpirkar, kniv til å laga hol, tunn strikk til å knyte med. fest kartongen bakpå sykkelen. du sølar litt, men ikkje så mykje.
*
halvfull hansa ultra

du treng: sykkelkorg, relativt utrafikkert rute heim, låg promille og jamn veg utan for mange hol (då veltar den). ved motgåande trafikk kan det vera lurt å køyre ut til sida og gå av sykkelen.
eg er minotauros, den avvæpna.
pasifaë er mor mi, far min kom frå havet. sarissaen min er knekt og falanxen forsvunnen. eg er kjønnslaus. horna mine ligg og blør - eg ventar, verjelaus. lyer til menneska som går forbi. den turre raslingi av grus som møter harde koturnar, vinden som susar i khitonane. kvar dag fell nye blad av den store bjørki rett over stien. eg går bort for å halde dei, fortelja at eg er ein av dei og at dei kan stole på meg. dei svarar, og eg blir overvelda av lyden. overalt rundt meg pip det i små, gule lauv - hese, tunne stemmer. dei hyller meg som konge av knossos og samlar seg rundt fløyelskappa mi. nokre spring ville rundt for å samle pinnar til herskaren si krone, andre legg seg på benken for å gjera det mjukt å sitja. aldri har eg følt meg så stor, så mektig - og eg tek dei med opp på setet mitt, takksemd. fyrst ved midnattstid går eg heim til stilla og garnnysta.
eg er uria, den svikne. regnet har kome i dag, og eg blir våtare for kvart skopar som går forbi. lauvet eg elska i går, er raka i dag. pianomusikk suser i hovudet mitt og augo flakkar, svimlar. eg er hades, heimen min er i underverdi. ho heitte medusa, og augo hennar gjorde meg til stein. badet hennar var vatnet eg drukna i, garnet hennar mitt galgetog.vi levde som gladiatorar i guds colosseum, og eg stirer forferda på liket der i sanden. du feirer sigeren på fanget til keisaren din, medan eg lyer til menneske som sparkar stein, den turre raslingi av søvn som møter harde morgonar. min plass er her, mitt ansvar ufråvikeleg. eg sit på min post. fylg meg ned.
men alt eg ser er ei menneskemengd som hyler kan oksar flyge?

siste delen kjem i morgon.
kvinna med oklesokkane ser ut som eg har bedd ho fly meg til månen,
og alt ho hadde var ein firegirs sykkel. ho seier kva ho heiter og spør om eg vil sitja. eg gjer det, men bestiller ingenting. utan forvarsel serverer eg ho alt eg tenkjer på over eit rundstykkje med skinke og mozzarella.
ho heitte ariadne, og hendene hennar var varme som sanden ein sommardag. augo hennar var holer eg gøymde meg i, og årene hennar vegen attende til dagen. vi levde som to isbjørnar på eit drivande isflak, utan å tenkje på når det sokk. då vårvarmen kom, fylgde han trådane og fann henne, utan å lata nystet liggje att. Slik vart eg gåande rundt i min eigen labyrint utan å finne vegen ut.
her går eg enno, i bane rundt meg sjølv. eg går alltid dei same stadene, men kvar dag tek eg ein ny veg, i håp om at denne skal leie meg ut av kretas kalde fengsel. at eg ein dag ser det lysglimtet son til daidalos såg, utan at eg sjølv blir brend og fell.
men davidsharpa læt, og eg var ikkje lenger ein minotaur.
ho heitte batseba, og freknene hennar fordelte seg i fjeset som grågjess på hausthimmelen. trona hennar var sentrum for min eksistens, og håret hennar veven eg var spend opp på. vi levde som to frø på ein løvetann i ein augneblinks evig sommar. då haustmørkret kom, drog eg ut for å kjempe mot ammonittane.



framhald fylgjer. eg må berre skrive det fyrst.
ein dag. ein stad
& barneaugo som gret. kjærleikshender som roer, reiser som blir gjort. travle føter som fer forbi & trakkar i grusen.
det er her eg sit og lyer til folka som sparkar stein, den turre raslingi av grus som møter harde solar. aller mest når dei kjem gåande med dei stripete dressane sine, dei svarte koffertane og myrke sko med ekte lærsolar. då lyftar eg forsiktig hovudet for å sjå kven det er. no er alt som venta, snart blir eg overraska - kanskje er han eldre enn sine eigne steg, slik mine er eldre enn meg.
likevel tek eg til føtene. og som eg går, søv eg, slumrar i ævestraumen av menneske og tilstandar. ein gong var eg prins i eit kinesisk dynasti, son av kalifen, maharajaen sin arving. turbanen min var av silke, frakken av hermelin og jentene i mitt harem var dei skjønnaste av kretas jomfruer. eg vakna til sirenesongen, fekk frukost av amazonene sine bryster og let meg, ved middag, forføre av kleopatra sine dansarar.



framhald fylgjer.
så gjør vi så
eg har vaska (nesten) alle dei finaste t-skjortene mine, for hand. det tykkjer eg dei fortener, det går så hardt for seg inni den fæle vaskemaskina. eg vil ikkje risikere noko takk. forøvrig er det berre fint å handvaske slike klede, fordi då får eg ein sjanse til å verkeleg kjenne på stoffet. og stoffet er kunsten. stoffet er den store skilnaden.


(nepalskjorta får ikkje liggje med dei andre fordi ho fargar av.)
elles har eg stort sett site og skrive musikk i heile kveld, eg skriv på noko som heiter andre fase, som eg håpar skal bli eit ordentleg (litt stort) minimalistisk verk ein gong. får det sikkert aldri framført, men gøy likevel. i morgon reiser eg til fjells att, no for ein lengre periode. masse ski, masse kjæreste & litt gebursdag. det blir stas.

når det gjeld påskebodskapen, har jo den- til likskap med julebodskapen- hamna i skuggen bak leik i snøen og rare dyr i freshe fargar. det gjer ikkje meg så mykje, men eg tenkte at eg likevel ville spreie bodskapen, gjennom noko av den mest storslegne musikken eg veit om.

de skjønar, i tidlegare tider var det vanleg å skrive pasjonar; skildringar av jesu liding og død. her var det altså rom for store kjensler, og ikkje uventa var høgbarokken sjølve gullalderen for denne sjangeren. heller ikkje uventa, heitte den store kongen johann sebastian bach og hadde rart hår. hans to store pasjonar, johannes- og matteuspasjonen er mellom det aller fremste han skreiv og ikkje minst er det fint å ta fram no i påsketidi. så kan du seia til venene dine at ja visst tek eg vare på påskebodskapen ingen amerikanske kulturimperialistiske eggharar her nei. og då dei høyrde det gjekk dei burt ein etter ein- dei eldste fyrst.
moralen er: gakk heim & høyr på bach.
når eg ikkje spring
det er påske og eg har god tid. det er problematisk. når eg har god tid tenkjer eg mykje, meir enn vanleg. vanlegvis har eg alltid mykje å drive med eller mariell å forelske meg i, men når eg har fri heile dagane og ikkje er med ho, får eg tenkt. kombinerer du det med fakta på laurdag i går om korleis verdskjende musikarar eigentleg blir verdskjende musikarar, får eg hovudbry i dag. litt vondt i magen òg. ei nervøs kjensle for kva eg gjer når eg blir stor, eit stikk ved tanken på kva eg ikkje gjer.



slangen
Slangen
snik oppetter
brystet mitt kysser
skjeggstubbane og blir ein
mann

ein kronikk seinare
ein kronikk seinare ligg eg og ventar skriv og stussar på om det går an å halde straumen sjølv om ein ikkje akkurat då strøymer inni eg prøver eg veit om ein straum som aldri stoggar det er impulsane (for i dag har eg arbeidd med impulsmusikk) impulsane kjem meir fornybare enn den kvekaste vestlandsfoss om verdi står går impulsane det er eg sikker på for eg har sett det eg har sett verdi stogge for å sleppe plass til impulsane og det var som dei sette ei ledning til kroppen min og slo på straumen

vi dansar ein del gjer vi ikkje

det var ein av dei beste deigane eg har kjent
oppstoda

Sitar











Babaama Rock





Borabamacka
Babaama Rock
Crak Ababamo
Kraba Maboca
Cama Ob Karab
Back Bomaara
Ob-rack Amaba
B.A. Back-o-Rama
Craba-Bamkoba
*


Og så har eg fått julegåve frå Janne, ei perfekt Moleskine notebok.Tusen takk, god jul!
To soldatar

I alle dine år som sabotør
var det fyrste gongen at det var for kaldt
til å lækja sår med sprit og male salt,
for bot å gje til han som ligg og blør.
Og her går eg i ein gamal gabardin,
ser snøen sigla på rop frå regntung røyst.
I tretten dagar har den unt meg trøyst,
heilt stille, som ein frosen duk av lin.
Den stilla snøen ber er full av lys
som fylte meg kvar gong eg ute gjekk,
Eg spurde deg, brått fekk eg slik ei sut;
din såra ven, korleis han redning fekk?
Du svara; Vi laut gå, han blødde ut.
Om mildare det er, fyrst no eg frys.

Ei tid har gått
Men skrivesperra mi lausna for alvor i går. Det passa eigentleg veldig dårleg, for eg hadde mykje anna å gjera. Likevel var det heilt utruleg deilig. I myrkret i aulaen på skulen, på det nystemte flygelet. (eg veit at dei to siste setningane høyrtest ut som eg mista møydomen min der, og slik kjendest det nesten ut òg.). Eit lite, pentatont tema, som snart vaks til å verta eit ordentleg pianostykke. Det heiter Lu Chi, etter den kinesiske diktaren.

Ho er framleis fin. Eg beheld dei klåre bileta sjølv.

Ei skjorte frå Nepal møter ein svensk cardigan og dei vert lukkelege saman.
Kamera jipi jipi




Har du hengt opp eit kenyansk skjerf ved IKEA-julelysa i stova?
Hovudpine
Eg har eit problem. Og det er timeplanen min. Eg trur de skjønnar når de ser han. Fag i venstre kolonne, lærar i midten og rom til høgre.


Eg skjønnar rett og slett absolutt ingenting.
Har du same eller liknande problem?
I morgon tidleg
jippi jippi!
jippi!
one more time
we're gonna celebrate
oh yeah all right
don't stop the dancing
.røveri

hei, eg heiter jostein.
eg har skoa til fredrik.
dei er fine.
Årdøler: le.
papa don't preach

Eg anar den fyrste ulempen ved blogg.no
--
What's new from the front
2: Eg har forelska meg i Alexander McQueen, fortrinnsvis den nye kolleksjonen hans.
3:
4: Eg lastar ned masse operavideo på dataen min som eg skal kose meg med framover.
5: Eg skal gjera barskt kroppsarbeid på garden i morgon.
6: Innimellom kroppsarbeidet skal eg spela i eit bryllaup.
7: Eg høyrer på Salome av Richard Strauss og tykkjer det er heftig operasnacks; Sex, vald, incest og drap.
8:


