cafe di roma

av og til, når mariell er ute, går eg på ein kafé og teiknar. då eg var liten var eg alltid sur fordi eg ikkje tykte eg teikna fint, så difor teiknar eg litt av og til no for å overtyde meg sjølv om at det går an. viss nokon er nysjerrige på kva som står nedst, så står det fivrel, skrive med arabiske bokstavar. viss nokon er nysjerrige på kva fivrel er, er det namnet på det nye prosjektet mitt som du kan høyre her eller ved å trykke på den vesle spelaren på sida av bloggen (berre på framsida).

























stop motion

eg er i gudbrandsdalen og snakkar om nynorsk og saknar mariell. då kan det varme (for det er snø her!) med ein rar, røyndomsfjern stop motion-film til ein av dei finaste songane eg veit.


kva no?

080635

på tjueni og eit halvt minutt vart mest all spenning, alle forventingar, all frykt og all øving dei siste tre åra utløyst. no er det over, og det kjennest rart, men godt. no skal eg kvile.

hjernehalvdelar og arbeidsdagar

i går arbeidde eg fjorten timar i strekk. i dag var eg nede i vel tretten og ein halv men eg er trøytt likevel. i morgon er det oppspel (instrumenttentamen), og det er ein pianist sin skjebne å vera med på alle andre sine i tillegg til ditt eige. så i morgon har eg seks. men vi skal feire etterpå med pils&pølse, så då blir det nok bra.

forøvrig har vi lært om dei ulike hjernehalvdelane på skulen i dag (ja vi har faktisk sånt som skulefag), og korleis vi kan gjera oss nytte av dei i musikkutøvingi. det ideelle er at den høgre hjernehalvdelen dominerer medan du framfører eit musikkstykke, fordi det er den spontane, kreative, energiskapande og fredsæle delen. den venstre er rasjonell, fornuftig, treg og ansvarleg. keisam, om du vil. så vi lærte teknikkar for å blokke ut den venstre hjernehalvdelen, og det meste av det er meir eller mindre rein meditasjon. ekstremt fokus på noko den høgre hjernehalvdelen oppfattar - eit sanseinntrykk eller eit bilete - og halde fokuset utan å gje slepp eitt sekund. dette er himla vanskeleg, fordi det er den venstre hjernehalvdelen som kickar inn kvar gong eg blir usikker på om eg spelar rett eller om eg trykkjer på rett knapp på datamaskina mi. men eg skal arbeide hardt for å få til dette, for eg har verkeleg trui på at det kan skapa fantastiske opplevingar.

peacocksbypelaria
peacocks av mariell makrell

eg har prøvd å arbeide slik med stykket eg skal ha på oppspel òg. difor har eg valt meg ut eit av mariell sine bilete, som eg prøver å fokusere på. eg prøver å tenkje hardt på det som skjer i biletet, dynamikken, stemningi, fargane, linene. vel, vel, de får høyra og seia kva de tykkjer. eg kan òg seia at dette er spela inn live, og all lyden eg brukar blir spela inn undervegs. (til de som ikkje er så glad i zshare, kjem den sikkert snart på myspacet. viss de ikkje seier at den er stygg og sånn iallfall)





liv

eg sit ute på trappi hjå mariell for dei ser på ugly betty og eg klarer ikkje fordi akkurat no treng eg stilla tankane mine går fortare enn eg klarar å skrive og det resulterer i at akkurat vart stava med tre ulike dobbeltkonsonantar før eg kom fram til at det er to k-ar det skal vera eigentleg du skjønar det norske kammerorkester har vore på sandane i kveld og eg sat på fremste rad då dei spela mendelsohn sin fjerde og beethoven sin sjuande symfoni og eg vart blåst bak i stolen av fire celloar og to bassar ja for det er berre eit kammerorkester men herregud for ein presisjon og for ei kraft for ei kraft for ei kraft eg kan ikkje gå inn enno i stad måtte eg ut og gå etter eg hadde sprunge heimatt då gjekk eg ut på plenen i sokkane klatra på steinbordet såg ut over sandane og tenkte gud for ein fantastisk plass men gud så fantastisk det skal bli å koma til oslo og gå på slike konsertar jamnleg og oppleva magien gong på gong på gong på gong på gong på gong på gong eg prøvde å invitere mariell ut men ho ville ikkje enno fordi ho har besøk og dei ser betttty men det går berre ikkje fordi akkurat no lyt tankane mine få gå heilt uforstyrra av fine damer som prøver å sjå stygge ut fordi akkurat no tenkjer eg på stygge menn som spelar nydeleg og no blir eg jagd inn av mariell hadet

kjære fru måne

kjre mne

den sekstande april i fjor sat eg på eit øvingsrom på firda. månen lyste og kjærasten min var i paris utan meg. den sekstande var allereie vorte den syttande. rundt klokka eitt ringjer mariell frå paris, og eg fortalde ho at eg ikkje fekk gjort noko, at eg ikkje greidde å øve, fordi eg berre tenkte på ho. ho bad meg skrive ein song til ho.

kjre mne2
det var mest fullmåne den natti, så eg sløkte alle andre ljos. eg spela og spela, skreiv ingenting ned. til slutt gjorde eg eit opptak av det eg hadde laga og ringde mariell. ho vart lettare sjokkert, "jostein, gå og legg deg! klokka er halv fire, du skal på skulen i morgon!" eg spela songen for ho då, men eg veit ikkje om ho høyrde han. uansett spela eg aldri songen etter denne natti. den heitte kjære fru måne og opptaket har lege på dataen og mobilen min sidan.

men no når mariell enno ein gong er i europa utan meg, fann eg ut at tidi var der til å ta den fram att. og desse dagane har eg mellom anna brukt til å lære meg(på nytt) og å skrive ned den songen eg skreiv i april i fjor og aldri har spela sidan. det har vore fint. opptaket frå den natti har eg bestemt meg for å dele, håpar nokre av dykk vil høyre på det. dersom nokon spelar piano, berre bruk noten, den er ganske lett. [Sidan zshare er ein tvilsom kamerat, har eg også lagt han ut på myspacet mitt, heilt nederst. 
kjre mne3


gud, eg er forelska i den dama.


På veg til Paris

Eg er ikkje spesielt meddelande om dagen. Men til dykkar trøyst har eg lagt ut to minutt og førtifire sekund med potensielt vondt i hovudet, som de kan høyre på og tenkje på meg.

 Vonleg høyrer de frå oss i veka som kjem.mg9457

Særskild lite ikkje

Eit menneske har gjerne ting å drive med. Kanskje særskild eit menneske som held til i tredjeklasse på ei musikkline. Så medan du ventar på at eg skal få tid og inspirasjon til å skrive neste innlegg, kan du jo ta ein titt på noko av det eg driv med til dagleg. Det gjer du her. Der legg eg ut ny musikk no og da, i god tru om at nokon høyrer det. Akkurat no er det nyaste stykket Særskild lite ikkje (dersom nokon finn ut kva særskild lite ikkje eigentleg tyder; ring meg, eg er usikker). Det er eventyrlege Andreas som spelar fløyte (treblåsinstrument og meg, vi går ikkje så godt overeins), og det...vel, vokale utbrotet mot slutten er hans reaksjon på tanken på at han skulle spela eit par av dei litt vanskelege delane eg sende til han. Til hans forsvar må eg seia at han spelar eigentleg trombone, fløyta er berre hobby. Og han er ein glimrande trombonist.

Men no må eg avslutte (We are the music makers the lovers and the breeders and we are the new risk takers the narcissistic feeders), sei gjerne kva de tykkjer om det eg gjer, det likar eg. Eg tåler tyn.

live2
 (For dei som lurer på korleis Særskild lite ikkje faktisk ser ut på ein skjerm)

Gamal stilslamp prøver seg som fasjonist

Följ min blogg med bloggkoll
dscf2019
dscf2017
dscf2009

Annelin, min kjære sambuar, og eg dekorerte hybelen i går. Den trauste, gule gipsen vart brått dekt av menn i kvinneklær, vanvittige headpieces, damer med skjegg, eller eventuelt fleire menn i kvinneklær, alt etter kor du ser det, artiklar om kunstnarar, prinsesser, komponistar, te og japansk vegetasjon. Fargerike trykk hamna på dørene og Rolf de Maré sitt ballettkompani Balléts Suédois fekk heidersplass for seg sjølv.

Acne Paper er eit heilt fantastisk blad, og dersom du ikkje allereie kjenner det: Kjøp det, les det og heng det opp på veggen. Trainers model's own.

Elles såg vi ein lang film om Keith Jarrett i musikkfordjupingstimen i dag. Det er så godt og så viktig og av og til verta mint på for ei fantastisk kraft musikken er. Kva den kan gjera med menneske, kor hardt den kan råke, kor musikken kan hjelpa ein over kva fjell som helst, berre den er i den rette formi i den rette augeblinken. Slik er det i alle høve for meg, og det er difor eg veit at eg må gjera dette. Denne krafti skal eg drikke av, forme, tumle med, ikkje minst krangle med, hate, elske, for til slutt, kanskje, å gjera ho til mi.

Kva er musikk i deg?


*
Han med fekk hug å prøva

desse nye styltone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.

Olav H. Hauge,
"Gamal diktar prøver seg som modernist"

Bohemen

I heile sommar har eg høyrt på eit program som heiter operaguiden på jobb. Det er ein serie på 30 program som tek for seg heile operahistoria, frå starten i Venezia og heilt fram til ny, norsk opera. Dersom du er av dei som eigentleg har lyst til å bli kjend med opera, men ikkje veit heilt kvar du skal starte- last dei ned her.

Eit anna alternativ er at du ser den operaen eg driv og ser as we speak, La Boheme av Puccini. Eg har av ein eller annan grunn ikkje sett den før, sjølv om det er ein av dei mest spelte operane som er laga. Men no ser eg han altså, og den er rett og slett nydeleg. Og veldig lett og fin, for den som blir litt skremd av skrikande sopranar og sånt. Og på toppen av det heile; Luciano Pavarotti i hovudrolla som Rodolfo. Den framsyningi eg ser er frå 96 og ligg tilgjengeleg på nettet. Go go go.

Forøvrig regnar det i Lærdal, så det er ingen som kjem og forstyrrar meg i mi vesle operaverd på turistkontoret. Eg kan roleg sitje og smile av det italienske publikummet som bryt ut i vill applaus når Pavarotti er ferdig med ein arie. Det er heilt topp.

pavarotti
Pavarotti som Rodolfo.

Eg lurer på:
Kva er ditt forhold til opera?
Kva operaar har du høyrt/likar best?
Korleis i alle dagar bøyer du opera i fleirtal på nynorsk? (operar? operaar? operaer? operaaar?)


Den vanskelege andrebloggen

Ajaj. Krise. Lite å skrive om, har ikkje kamera, så eg får gøymt det bak halvdårlege bilete. Kva gjer eg? Ringjer bloggmanager Mariell. Spør kva eg skal skrive om. Ho foreslår at eg skal skrive om noko kult. Som til dømes mine utfordingar som jazzmusikar i høve til indierock. Og så noko om Sufjan Stevens. Då eg stilte spørsmål om kor kult dette eigentleg var, sa ho eg kunne skrive om, vel, det ville eg ikkje skrive om, fordi eg tykte det vart litt for internt i hennar familie til at eg ville ha ansvaret for at det låg på nettet.

Velvel.

Da endar eg vel opp med å fortelja at ein av mine favorittpianistar, Brad Mehldau, på konserten i Molde sa, før siste nummeret: "I'm gonna play a song now, by a New York based singer-songwriter who I quite recently discovered. He's called Sufjan Stevens." Han spela ein fantastisk versjon av Holland (som han kunne opplyse var ein by i Michigan fordi Sufjan Stevens visstnok "has a project to make one album for each state in the USA), bukka og gjekk av scena.

Det, kjære, er etter mitt syn ei god løysing på dei utfordringane ein som jazzmusikar har i høve til indierock. Lytt, bruk, form, gjer til ditt. Eg sat på fyrste rad og hadde aldri før likt Sufjan Stevens så godt som akkurat då.

sufjanstevensbradmehldau09ajpgbig
Kven av desse to spelar eigentleg Sufjan Stevens best?
Kan dei samanliknast?