til mine fine
kyretrakk og tornekratt,
morken ved og barneskratt.
kom og set deg på eit fang,
slott og hekser dagen lang!
prinsar, froskar, hans og grete,
godt du har så mjukt eit sete!
ingen kan deg skade no,
så lengje me er to.

skjulte råk og kjerrevegar,
kjolekragar, himmelstegar,
tre små steg frå oppe ein stad,
vetla er vaken og kjempeglad!
kom ned hit i pysjen din,
og smak litt sovemedisin.
set dykk her på kvart dykkar kne,
så les me alle tre.

langskapet med strikkavotten,
raude boksar med dobbel botn.
to har vakna og er redde,
kom så set me oss på pleddet!
viss me set oss i ein ring,
så les me tusen fine ting;
ørnar, alvar, natt og dag,
fire sit i lag

veidemann i solnedgang,
marihøner, jentesang!
skorsteinar og lass med ved,
eldstemann vil vera med!
askepott og tornerose,
set dykk tett så kan me kose,
frakkeknapp og hattebrem,
her er plass til fem!

bryllaupsfest med klokkeklang,
slott av sjøstjerner og tang!
heksebrygg og prinselist,
eventyr går bra til sist.
siste soga for i kveld,
då kjem mamma likevel.
sjå på ringen, kor han veks,
her sit me alle seks!



sovedust
lagnad
før eg reiste på mi tovekers reise på vestlandet, sa mariell til meg; er det ikkje nokon sjanse for at du kjem attende til oslo i løpet av desse vekene? eg sa at nei, eg kjem ikkje før om to veker. ho svara; eg trur ikkje du greier det. eg trur du kjem til å koma.
i går hadde eg vore på sandane og prata om nynorsk, var trøytt då eg sette meg på bussen klokka halv ni. bussturen tek omlag tre timar og eg sov litt til og frå fram til skei. der bytte eg buss og kom på den som skulle til lærdal. då eg gjekk på bussen, såg eg at det var ein ekspressbuss til oslo og tenkte at eg skulle eigentleg ynskje at eg var på veg heim til mariell. men eg synte ungdomskortet mitt og sa eg skulle til lærdal, gjekk langt bak og sette meg. eg somna og sov fram til sogndal. på kaupanger kjende eg at eg vart trøytt av, så eg sette på ?cartography? av arve henriksen og lente meg bakover. eg visste at det var omlag tre kvarter til eg var heime, så eg tenkte at då rakk eg akkurat å høyre ferdig plata.
då eg vakna, såg eg ut glaset. det var lys der og hus eg ikkje kjende. eg såg på klokka fremst i bussen, den var fem på eitt om natti. eg såg ut ein gong til, skjønte av skilta at eg var i hemsedal. eg tenkte mange stygge ord og tok opp mobilen. mamma hadde ringt 19 gonger. eg hadde fått melding frå pappa, han skreiv at viss eg hadde forsove meg måtte eg ta bussen til gol, og så køyre attende att til lærdal klokka kvart over to. eg ringte mamma og forklarte, men var framleis ganske forfjamsa. medan eg prata med ho, ombestemde eg meg. viss eg snudde på gol, kom eg heim klokka fire. viss eg vart med vidare, kom eg til oslo halv seks. viss eg vart med vidare, kom eg til mariell.
eg vart med vidare, betalte billett og kom fram. undervegs funderte eg ein million gonger; var det noko undermedvite inni meg som forsov meg med vilje? eg har aldri opplevd før å ikkje vakne når bussen køyrer ombord og av ferja og eg plar alltid å vakne når eg skal til vanleg.
eg veit ikkje, men då eg kom fram til siloen og la meg inntil den nakne, varme kroppen som er kjærleiken min, skjønte eg at det var rett. anten det var lagnad, undermedvit eller berre flaks, var det heilt rett at eg forsov meg akkurat då eg gjorde det. når det er sagt, håpar eg ikkje eg gjer det til att. med mindre ho ventar då òg.
svar til deg
kjære bella,
eg går her heime utan deg, det er rart. tusen takk for brevet, eg måtte vore bra kald og fæl for ikkje å bli litt rørd. og kald og fæl trur eg ikkje eg er. uansett, eg vil fortelja deg om nokre fine ting eg har gjort i dag.
- frose på tærne då eg vakna
- eg har besøkt den gamle ungdomsskulen min og helsa på lærarar og elevar eg ikkje hadde sett på fleire år. nokre hadde eg sakna, nokre ikkje.
- jon-erik, musikklæraren, var av dei eg hadde sakna. han viste meg den nye synthen dei hadde kjøpt.
- komponert litt musikk (som eg allereie har sendt deg på mail), men berre litt.
- spela masse på det sjuke pianoet som står heime i stova vår.
- spekulert på korleis eg kan hjelpe det sjuke pianoet som står heime i stova vår, fordi det var faktisk ved det eg voks opp.
- prata med besten om livet, arbeid og velsigning.
- smilt av besten sine frihands sogna-attdiktingar av bibelsoger («dao, vait du, Josva sa at 'fao røvi i gir og ta ait standpunkt'!»)
- sett starten av ringens brorlag-filmen åleine (fordi du eigentleg ikkje har lyst å sjå han oppatt).
- tenkt på deg i alle pausar, i alle innpustar og kvar gong eg smilte.
- ete omelettmiddag med mamma.
håpar du har det ganske fint og at du saknar meg som eg saknar deg. men eigentleg veit eg jo det.
god natt
bello
brennande kjærleik
i går var finami sjuk. når ein er sjuk, treng ein kjærleik, mykje kjærleik. difor fann eg ut at det var tid for å finne fram ein gamal vinnar i frå bollar til burritos, kokkeabcen me alle trur oss til.

brennande kjærleik går ut på ein utvida pølse og potetstappe. då må du fyrst koke poteter. gjerne litt mange, og gjerne i bitar så det går fort. det er ikkje under nokon omstende unnskulda å bruke posestappe.

når potetene er kokt, mosar du dei saman med mjølk (helst heil), salt, pepar og eit eller anna grønt, til dømes rosmarin.

medan potetene kokar tek du til å steike pølsene, som du allereie har delt i fine strimler. dersom du har litt bacon, er det òg godt. lauk skal du òg ha, men ikkje ha den i før pølsene er nesten ferdige. me vil ikkje ha bedehuskarbonadesmørbrødlauk, me vil ha deilig, mjuk så vidt gyllen lauk. stor skilnad.
no, server med eit eller anna raudt, ketsjup eller noko meir avansert, alt etter kva du har tid til, men det skal helst smaka syntetisk tomat. kjempeeinkelt, kjempekjapt og kjempegodt.

og gjet kva; i dag er ho frisk!
kort og kaffi
det har gått ei tid sidan det førre innlegget mitt - det lett-erotiske diktet, veit de. vi er altså i hovudstaden no, og vi bur her. rart, men heilt utruleg fint. eg har teke til på musikkvitskap, har fått ein triveleg klasse og fine øvingsrom. eg trur alt ligg til rette for ein vedunderleg haust.
eigentleg veit eg det.

korleis ein dårleg dag vart ein vedunderleg morgon
Ho let han ikkje gå. Sjølv om ho veit at han kan koma til å misse bussen, slepper ho han ikkje. Hendene hennar grip om han i det han snur seg, berre eit til, seier dei. Han går ned trappi og ser seg sjølv. Han går bortover vegen, let sansane tala i tredje person. Kvifor har ho Range Rover, tenkjer han. Så vakre lydane er, seier han. Han går sakte, for å få med seg alt. Etter krysset, der han tok til høgre, ser han på klokka. Ho er meir enn han trudde. Han tek til å småspringe, for å vera heilt sikker på å nå det. Ventingi, som han hadde sett føre seg berre skulle bli ein augeblink, tek lenger tid enn han hadde trudd. Bussen skal fyrst passere på motsett kant, for så å koma attende og plukke han opp. Ho med Range Roveren er her òg, det forvirrar han, for ho køyrde ei anna retning i stad. Når han endeleg ser bussen koma, tenkjer han at det var på tide. Bussen stoppar, og sjåføren vinkar til han, ber han koma bort. Han har aldri opplevd det før, å gå på bussen på feil kant, men sjåføren smiler. Når han har funne setet sitt, og teke det litt bakover, skriv han alt ned. Han hadde bestemt seg for det på førehand. Utan å veta kvifor, håpar han at det startar noko større; ei verd, eit opphald eller berre små korn av lukke i form av franskkurs og dansing på gatene i ein by.
hura hura vi har bursdag i dag


det var fin konvolutt med stempel og blomsterdekorasjonar på


to fulle sider kjærleik & ein heilt ny garderobe!

skjorte!

kåpe!

t-skjorte!

og min favoritt: dressen!
er ikkje ho fin kanskje?
Eg skal ta til å skrive dikt
du er her fyrst då
blir det råd å lesa det eg legg
att når eg ein gong set innåt
pianokrakken
då skal dei kose seg med
te og kjeks bla i album høyre
på gamle plater tenkje at han
må ha vore lukkeleg likevel og
stille stille skal vi to vera
sukkerbitar
i snøen.
*

Jakke og t-skjorte frå Acne Jeans

Scones frå Augustins Kaffelade

finfinfin (+ acne-cardigan i reprise)
(framleis) forelska
trust i can rely on your vote

Kjære deg
forstår du
at eg ikkje
får noko gjort
at eg berre går her
og trør, spelar
små stykke for klaver og
legg kabal

Då eg kom heim
klokka halv eitt
(frå ein lang kveld
med øvingøvingøving)
venta dette på meg
Ein sti av kyss
den eg elskar
hadde lagt att

Stien gjekk vidare innover hybelen
inn på kjøkenet

den stoppa ikkje før den var kommen
midt oppå kjøleskåpet

Det ante meg
eg opna kjøleskåpet og titta inn

Skjokomønk!
7k mn hjarteko.s
Einaste som hjlper lit r å stela mac til M & smugtitte p "You're order at Hotel de Terasse" & flybill. & sån tl Pris. Dt vrt jggu tåpp.
Akrat n0 hr eg gnske stærke kjnsler for Mijell i stden fr masse 0r t0k eg 1 bilet. Lr, Mijell måtte ta bilet frdi eg ikj fek til.

Shå dei k0sar.
Kvn k0sar hjartet dit med? Vr klisset, eg treng d.