systre, brør


eg har ein bror. og så har eg eit brorfolk. bror min kan eg skrive om ein annan gong. brorfolket mitt vil eg skrive om no. 

eg vil syne dykk ein film på eit og eit halvt minutt, håpar de har tid til det. den fortel korleis menneska lever i gaza, korleis dei har levd der dei siste to åra. dei blir nekta alt. dei manglar mat, drivstoff, materiale, vatn, jord, medisinar, og ikkje minst blir dei nekta dei mest grunnleggjande menneskerettane. dei bur i eit fengsel, eit fengsel som verdi sto og såg på vart bomba i grus 22 dagar i strekk. 
 

filmen heiter "closed zone" og er laga av ein israelar, yoni goodman. han har nyleg samarbeidd med ein annan israelar, ari folman, om å laga animasjonsfilmen waltz with bashir, som er den filmen som står øvst på mi liste over filmar eg skal sjå framover (nokon som har sett den?). den omtalar den israelske invasjonen av libanon i 1982 og massakrane av palestinske flyktningar i sabra og shatila. 

dei fleste palestinarar som lever i dag har aldri opplevd fridom. det er på tide at dei får det. seksti år med okkupasjon er seksti år for mange. vi kan ikkje godta seksti til. 

det vi miste


Ein eksplosjon på 
romstigen sender
skarpe

blå 
logar 
ut i æva

dei er fråknytte
fangar i og av

oss nerva 
vi ikkje

fekk

spaceelevatorartistsscifiimpressionlarge


Hyrdingane


http://tritonus.blogg.no/images/bibliotek_308_1231023572.jpg

Medan eg misser trui
på mennesket
får eg meir tru
på bestemor

hennar sting og
hennar visdom

men ståa er den
at bestemor manglar
og Gaza brenn.

http://tritonus.blogg.no/images/bibliotek_307_1231023739.jpg

Åh, så sint.

I dag var det tid for å hente ut skulebøkene våre. Det byr alltid på overraskingar. Men fyrst:

Prolog
I vår, under samtalar med min dåverande klassestyrar, fekk eg høyre at vi på vg3 skulle ha boki "Arrangering og Komponering" som lærebok i faget arrangering og komponering. Fargerike titlar er ikkje det lærebokforfattarane er best på. Eg visste at dette var ei Gyldendalbok, og i ein litt eldre serie av musikkbøker. Eg kjende til, og hadde sjølv tidlegare opplevd, Gyldendal si noko unnvikande haldning til lovi om læremiddel på båe målformer til lik tid og pris, så eg sende dei ein mail:

"Hei!

Eg går andreåret på musikkline og har fått beskjed om at eg skal ha denne boka, "Arrangering og Komponering", som læreverk til neste år. Til mi store forundring kan eg ikkje her sjå nokon nynorskversjon av boka. Det er ein feil, sant? Eg må berre forsikre meg, så vi ikkje risikerer at den ikkje blir trykt på nynorsk, sidan det jo ville vore mot norsk lov.

Leiar i Firda Målungdom
Jostein Avdem Fretland"

Jada. Etter eit par runder i systemet kjem fylgjande svar tilbake:

"Den står i katalogen og har isbn 978-8205-23644-8 (nynorskutgaven)

Mvh [gyldendalfyr]"

Kortfatta, men presist nok. Boki står i katalogen og skal finnast.

Sjølve historia

Det er no vi kjem til kjerna i saki. For i dag, då eg skulle hente bøkene mine, går eg fyrst nettopp til bunken med "Arrangering og Komponering", berre for å sjekke at han i Gyldendal snakka sant. Det du kanskje allereie har gjetta er at han gjorde ikkje det. Den var ikkje der. Joda, ho sto i katalogen, men det ser ut til at ho ikkje vert trykt. For å setja ein liten spiss på det heile, låg også læreverket i ensembleleiing "Med takt og tone 1" kun føre på bokmål. Same forlag. I spontant sinne, let eg vera å ta med meg nokon av bøkene, og det gjorde eit par andre òg. Det er to ting som verkeleg provoserer meg med denne saki:

1) Eg veit at den finst, og har vore trykt på nynorsk før. Det tyder at stamargumentet "vi rakk ikkje å trykke nynorskutgåva" ikkje på nokon måte kan brukast. Dette handlar kun om at dei ikkje gidd, at det ikkje løner seg nok for dei i kroner og øre.
2) Eg tok kontakt med Gyldendal, og dei lova meg at den fanst og var tilgjengeleg. Det er reinspikka lureri! Dersom dei hadde sagt det som det var; at dei ikkje trykte den, kunne eg åtvara faglærarane mot å bestille dette læreverket. For dersom vi no ser på sida til Gyldendal, finn vi at dei brått ikkje lengre reklamerer med nynorskutgåva. Det er framleis ulovleg, og like interessant er det at "Med takt og tone" tilsynelatande skal finnast på nynorsk. Eg veit ikkje kven av dei to versjonane eg likar minst.

Epilog
Den er ikkje skriven enno, men eg har sendt ein sint mail til Gyldendal. Så får vi sjå kvar det endar.

mars 2009
ma ti on to fr
            1
2 3 4 5
6
7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31