Lysskye dagar

3012283
Ta det med ro, det er ikkje enno eit dikt. Eg brukar alltid juleferien til å lade batteria for heile det neste året. Syskena mine kjem og den verste otti er oftast at vi står i fare for å eta oss forderva. Ikkje at ein skal undervurdere det.

Dette året har eg likevel hatt litt meir å tenkje på, sidan eg hadde min offisielle debut som kyrkjeorganist for 350 menneske julaftan. Dette medførte at den tradisjonsrike julestridi vart utbytt med intens øving i kyrkja fleire timar for dagen kvar dag før jul. Men det hjalp, og det gjekk bra. Heilt til eg vart sjuk og ikkje kunne spela juledag. I tillegg fekk eg brev frå Musikkhøgskulen som eg må returnere før 5. januar med attestar og notar (som ikkje er skrivne enno) på det endelege repertoaret til prøvespelingi mi (som ikkje eingong er bestemt enno), samt mi erklæring om kvifor eg har lyst å gå på skulen deira, samt kvifor dei øyeblikkeleg bør ta meg inn og gøyma meg i hjarta og lata meg timast alt folket. (Dersom nokon av dykk mot formodning skulle nytte ein bokmålsbibel når de les juleevangeliet, vil de kanskje ikkje ta denne intertekstualiteten med ein gong. I så fall orsakar eg.) Dette gjer at det av og til bankar litt fortare i meg.

Då er det jammen godt at det går an å finne ein mandolin på eit kott på eit loft i eit gamalt hus, som du seinare får veta tilhøyrte syster til bestemor di som spela på den i ei songgruppe på bedehuset på 50-talet. Noko meir ottelaust skal du leite lengje etter.

(Mariell sine bilete)
3012281


Eit grusa fortau tek meg dit eg skal


0

I ei speglvend verd
i vest, der
alle åkrane fløymer
over av mogne
dagar, mjuke dikt,
dulde av den våte
jordi, ligg ei jambe
og geispar i morgonsoli.

2

Her lever vi for venleiken
dei vakre orda, dei ljose fargane.

3

Her søv vi på sengjer
av song
ligg på laken
av løyndom

så når dei harde slagi vert haldne, veit du
at her veks røyndom av draum.

1

desember 2008
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15
16
17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29
30
31