To soldatar


mg493122

I alle dine år som sabotør
var det fyrste gongen at det var for kaldt
til å lækja sår med sprit og male salt,
for bot å gje til han som ligg og blør.

Og her går eg i ein gamal gabardin,
ser snøen sigla på rop frå regntung røyst.
I tretten dagar har den unt meg trøyst,
heilt stille, som ein frosen duk av lin.

Den stilla snøen ber er full av lys
som fylte meg kvar gong eg ute gjekk,
Eg spurde deg, brått fekk eg slik ei sut;

din såra ven, korleis han redning fekk?
Du svara; Vi laut gå, han blødde ut.
Om mildare det er, fyrst no eg frys.

mg493132

Endeleg ein roleg dag

Eg bloggar lite om dagen. Det tyder ikkje at eg har eit nervøst samanbrot eller noko slikt, det tyder ganske einkelt at eg har det veldig bra. Og då har eg overskot, noko som igjen gjer at eg kan arbeide. Og då blir det gjerne ein del arbeid. Det er fint- då får eg skrive masse musikk og eksperimentert masse og øvd masse. Forresten, dersom nokon av dykk er på Sandane den 17. desember, skal eg (+gitar og trommer) ha konsert da. Vi skal improvisere masse og bruke Mariell sine bilete og kose oss. Trur det blir ei fin stund. Men i kveld har eg altså fri.

Elles er det snø. Det gjer meg lukkeleg i heile kroppen. Når det er snø, blir det aldri heilt mørkt, og då blir alt anna litt lysare òg. Og eg kan ha snøballkrig når som helst. Sånn som den kvelden eg kom inn til Mariell med snø over heile meg og dogg på brillene, raud i andlitet og med eit litt teit smil.
mg4838
I går, etter vi hadde vore på fest, hadde Mariell gløymt att kameraet sitt hjå Christine. Eg henta det, det var fint. Sjå, snø!
mg4910
mg4916
I <3 Holvikejekta.
mg4922
Nei, det er ikkje kyrkja, det er herradshuset. Kyrkja ser ut som eit ungdomshus.
mg4924
mg4925
Stien opp til kjærasten min.
mg4935
Hive av seg skoa.
mg4938
Framme.

Oj er det november alt eller; koffert og kåper

Eg er litt sjokka over at det er blitt november alt. Eg tykte eigentleg at oktober var kaldt nok, og no er det november og så er det jul og så har eg berre eit halvt år att på vidaregåande skule. I helgi har eg vore på i barnedåp på Hamar, til onkelbornet mitt. Han heiter Sigurd, akkurat som bestefar min. Det tykkjer eg er fint, dessuten skaper det ein naturleg overgang til mitt neste emne, nemleg:

Mariell og eg har vore på utforsking igjen, denne gongen på loftet til Besten (det er eit par veker sidan, men fint likevel). Mariell er kjend for å kjøpe bestemødre, men no fekk ho ei. Mi. Ganske rart, men veldig koseleg, eigentleg. Ho vart tre kåper og ein kjole rikare(+eit par strømper), og eg fekk fått to nye frakkar, ei harris tweed-jakke og ein koffert som kanskje er den kulaste eg har sett. På lappen står det maskinskreve Sigurd Fretland. Det einaste han sa til oss var "De e godt snaole!". For de som ikkje kjenner ein sogning sjølve, tyder det "Eg er glad for at de vil bruke dei gamle kleda mine.".
mg3633mg3632
mg3635
Til slutt eit par gladsaker frå vår lokale NRK-kontor, så de kan sjå kva vi er opptekne av her i fjordfylket. Eg tilrår verkeleg å lesa dette, men lyt åtvare mot sterke scener. Fyrst denne, ei sterk historie frå røyndi. Men likevel var det når , oppfylgjaren, poppa opp på RSS-mataren min at eg verkeleg sperra augo opp. Eg er mållaus.

PS: Til dykk på Tonheim. Orsak, eg fekk ikkje tid til å vitje dykk no heller. Men før eller seinare vert det.
PSS: Ho fine og eg har feira jubileum i eit nydeleg, herskapeleg rom. Det såg omlag slik ut.

november 2008
ma ti on to fr
          1 2
3 4 5 6 7 8
9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22
23
24 25 26 27
28
29 30