Det va ein gong det var dans innji hallja.

Kvelden i går var ganske surrealistisk eigentleg. Eg hadde speleoppdrag i Breimshallen. Tjohei. (Breim er den vesle landbruksbygdi som saman med tettstaden Sandane utgjer Gloppen Kommune). Nuvel. Etter kvart synte det seg at eg vart nøydd til å bruke heile kvelden på Breim, fordi vi var nesten sist i programmet, og iallfall etter betasuppepausen.
To ting gjorde at det gjekk bra:
1. Eg fekk ein sjanse til å bruke den nye vintage-dressen min, som eg elskar.
2. Mariell venta med middag og kjærleik då eg kom heim.

mg2791
Middag over, skjærleik under
mg2784
I tillegg så skulle klokka stillast tilbake, slik at vi fekk ein time ekstra til å fyrst
vera for lengje oppe og så sova for lengje.
mg2805
Æsj, hatar når folk legg ut slike klissebilete av seg sjølve.
mg2826
No skriv vi novelle saman, det er gøy. Stakkars Fred som måtte døy. Skitne vaktmeistaren.



Jekteblues & snurrestokk

Fint å snurre på snurrestokk utan å bli flau når sjuåringane kjem
og ser litt rart på oss, spesielt meg, fordi eg ikkje fekk det heilt til
og vart litt svimmel når det gjekk fort.
mg1690
+ fint å huske i lågstatusstilling. Det var det Oda som sa.
mg1757
Og så var vi på loppemarknad der eg gjorde det kanskje mest absurde
kjøpet hittil i mitt liv. Eit salatbestikk på godt over ein halv meter (67 cm)
handmade in the Phillipines. Det blir salat som får vaska seg.
mg1369

Torsdag kveld spela Per Elling og eg konsert, og så tenkte eg kanskje nokre
av dykk var interesserte i å høyre korleis det høyrest ut når Bhagavadgita finn
fram macen, gitaren og ei gamal Kurzweil-fjøl og spelar opp. Dette er
Holvikjekta, resten kjem kanskje ein annan dag.

Ei tid har gått

Eg er attende, uskadd. Eg har ikkje ein gong nyrestein eller andre eksotiske sjukdommar legestanden spekulerte om eg leid av. Eg har berre eit lite virus i halsen og vondt i høgre langefinger etter å ha spela heavy metal på bassgitar.

Men skrivesperra mi lausna for alvor i går. Det passa eigentleg veldig dårleg, for eg hadde mykje anna å gjera. Likevel var det heilt utruleg deilig. I myrkret i aulaen på skulen, på det nystemte flygelet. (eg veit at dei to siste setningane høyrtest ut som eg mista møydomen min der, og slik kjendest det nesten ut òg.). Eit lite, pentatont tema, som snart vaks til å verta eit ordentleg pianostykke. Det heiter Lu Chi, etter den kinesiske diktaren.

majell
Ho er framleis fin. Eg beheld dei klåre bileta sjølv.
cardigan600
Ei skjorte frå Nepal møter ein svensk cardigan og dei vert lukkelege saman.

På veg til Paris

Eg er ikkje spesielt meddelande om dagen. Men til dykkar trøyst har eg lagt ut to minutt og førtifire sekund med potensielt vondt i hovudet, som de kan høyre på og tenkje på meg.

 Vonleg høyrer de frå oss i veka som kjem.mg9457

oktober 2008
ma ti on to fr
    1 2 3
4
5
6 7 8 9 10 11 12
13
14
15 16 17
18
19
20 21 22 23 24 25
26
27 28 29 30 31