Gamal stilslamp prøver seg som fasjonist

Följ min blogg med bloggkoll
dscf2019
dscf2017
dscf2009

Annelin, min kjære sambuar, og eg dekorerte hybelen i går. Den trauste, gule gipsen vart brått dekt av menn i kvinneklær, vanvittige headpieces, damer med skjegg, eller eventuelt fleire menn i kvinneklær, alt etter kor du ser det, artiklar om kunstnarar, prinsesser, komponistar, te og japansk vegetasjon. Fargerike trykk hamna på dørene og Rolf de Maré sitt ballettkompani Balléts Suédois fekk heidersplass for seg sjølv.

Acne Paper er eit heilt fantastisk blad, og dersom du ikkje allereie kjenner det: Kjøp det, les det og heng det opp på veggen. Trainers model's own.

Elles såg vi ein lang film om Keith Jarrett i musikkfordjupingstimen i dag. Det er så godt og så viktig og av og til verta mint på for ei fantastisk kraft musikken er. Kva den kan gjera med menneske, kor hardt den kan råke, kor musikken kan hjelpa ein over kva fjell som helst, berre den er i den rette formi i den rette augeblinken. Slik er det i alle høve for meg, og det er difor eg veit at eg må gjera dette. Denne krafti skal eg drikke av, forme, tumle med, ikkje minst krangle med, hate, elske, for til slutt, kanskje, å gjera ho til mi.

Kva er musikk i deg?


*
Han med fekk hug å prøva

desse nye styltone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.

Olav H. Hauge,
"Gamal diktar prøver seg som modernist"

7k mn hjarteko.s

Eg r 7k. Ikj qlt. Likish 7k. Eg r brre sånn teit 7k, slk at eg ikj r ånkli 7k, brre slapp & dust & ikj får i mg mat. Ånkli shipt.
Einaste som hjlper lit r å stela mac til M & smugtitte p "You're order at Hotel de Terasse" & flybill. & sån tl Pris. Dt vrt jggu tåpp.

Akrat n0 hr eg gnske stærke kjnsler for Mijell i stden fr masse 0r t0k eg 1 bilet. Lr, Mijell måtte ta bilet frdi eg ikj fek til.
hjartekos
Shå dei k0sar.
Kvn k0sar hjartet dit med? Vr klisset, eg treng d.

Kamera jipi jipi

Fine kjærasten min gav meg eit kamerabatteri i dag, i byte mot litt skjokomønk. Og då eg putta kamerabatteriet inn i kameraet ho har gjeve meg før hende dei mest vidunderlege ting. Eller kanskje ikkje dei mest vidunderlege men kan hende kjem dei på ein 134. plass i liksom allround-rankingen. Men det var ganske fint.

img8418
img8432
img8423img8426
Har du hengt opp eit kenyansk skjerf ved IKEA-julelysa i stova?

Fin dag i går fin dag i dag

I går var fin dag. Til slutt måtte vi stå opp, fordi vi måtte nå putikken. Berre difor, lovar. Så gjekk eg på skulen og øvde nokre timar, før Mariell og eg tok middagen vår med ned til Christine. Der var òg Fredrik. Tjohei. Fredrik hadde gjeve oss beskjed om at ein temafest var på veg. Ved bordet fekk vi utdelt plastikknegler han hadde klypt til, og så var gnagarfesten eit faktum. Resten må de vente på, sidan Mariell er lat og ikkje gidd å laste opp bileta no. (Då må ho reise seg opp av sengi, og det er ho nok ikkje klar for på eit par timar enno.

I dag er ein fin dag. No skal eg stå og vaske opp og så øve.

gtteriitomatarma
lkpuz
stami


1: Gåtteri. Mmhm.
2: Eg prøvde å overtyde Mariell om at ho ikkje døyr av tomatar. Funkish. Til slutt fekk eg grine meg til 3 tomatar som eg gløymde å eta.
3: Vi kjøpte aldri den lauken.
4: ojfin.
5: Arty grønsaksdiskspegelkjærast.

Hybelbakedag

Focaccia jippi jippi! Mmmmmhm.
bilde 22bilde 27
bilde 28bilde 30
Observer på bilete 3 den historisk stygge lampeskjermen på hybelen min. Den skal døy før haust er omme. Berre ver glade de ikkje fekk sjå gardinene.

Og ja, forresten. Denne var morsom. Firda har bomma litt. Hæhæ. Janne (jånni) you like?
jannygoy

Åh, så sint.

I dag var det tid for å hente ut skulebøkene våre. Det byr alltid på overraskingar. Men fyrst:

Prolog
I vår, under samtalar med min dåverande klassestyrar, fekk eg høyre at vi på vg3 skulle ha boki "Arrangering og Komponering" som lærebok i faget arrangering og komponering. Fargerike titlar er ikkje det lærebokforfattarane er best på. Eg visste at dette var ei Gyldendalbok, og i ein litt eldre serie av musikkbøker. Eg kjende til, og hadde sjølv tidlegare opplevd, Gyldendal si noko unnvikande haldning til lovi om læremiddel på båe målformer til lik tid og pris, så eg sende dei ein mail:

"Hei!

Eg går andreåret på musikkline og har fått beskjed om at eg skal ha denne boka, "Arrangering og Komponering", som læreverk til neste år. Til mi store forundring kan eg ikkje her sjå nokon nynorskversjon av boka. Det er ein feil, sant? Eg må berre forsikre meg, så vi ikkje risikerer at den ikkje blir trykt på nynorsk, sidan det jo ville vore mot norsk lov.

Leiar i Firda Målungdom
Jostein Avdem Fretland"

Jada. Etter eit par runder i systemet kjem fylgjande svar tilbake:

"Den står i katalogen og har isbn 978-8205-23644-8 (nynorskutgaven)

Mvh [gyldendalfyr]"

Kortfatta, men presist nok. Boki står i katalogen og skal finnast.

Sjølve historia

Det er no vi kjem til kjerna i saki. For i dag, då eg skulle hente bøkene mine, går eg fyrst nettopp til bunken med "Arrangering og Komponering", berre for å sjekke at han i Gyldendal snakka sant. Det du kanskje allereie har gjetta er at han gjorde ikkje det. Den var ikkje der. Joda, ho sto i katalogen, men det ser ut til at ho ikkje vert trykt. For å setja ein liten spiss på det heile, låg også læreverket i ensembleleiing "Med takt og tone 1" kun føre på bokmål. Same forlag. I spontant sinne, let eg vera å ta med meg nokon av bøkene, og det gjorde eit par andre òg. Det er to ting som verkeleg provoserer meg med denne saki:

1) Eg veit at den finst, og har vore trykt på nynorsk før. Det tyder at stamargumentet "vi rakk ikkje å trykke nynorskutgåva" ikkje på nokon måte kan brukast. Dette handlar kun om at dei ikkje gidd, at det ikkje løner seg nok for dei i kroner og øre.
2) Eg tok kontakt med Gyldendal, og dei lova meg at den fanst og var tilgjengeleg. Det er reinspikka lureri! Dersom dei hadde sagt det som det var; at dei ikkje trykte den, kunne eg åtvara faglærarane mot å bestille dette læreverket. For dersom vi no ser på sida til Gyldendal, finn vi at dei brått ikkje lengre reklamerer med nynorskutgåva. Det er framleis ulovleg, og like interessant er det at "Med takt og tone" tilsynelatande skal finnast på nynorsk. Eg veit ikkje kven av dei to versjonane eg likar minst.

Epilog
Den er ikkje skriven enno, men eg har sendt ein sint mail til Gyldendal. Så får vi sjå kvar det endar.

Hovudpine

Fyrste skuledag jippi jippi! (reprise)

Eg har eit problem. Og det er timeplanen min. Eg trur de skjønnar når de ser han. Fag i venstre kolonne, lærar i midten og rom til høgre.
timeplanutsnitt

timeplan
Eg skjønnar rett og slett absolutt ingenting.

Har du same eller liknande problem?

I morgon tidleg

Skulestart i morgon jippi jippi jippi jippi!

jippi jippi!

jippi!

one more time
we're gonna celebrate
oh yeah all right
don't stop the dancing

.røveri

200808160858
hei, eg heiter jostein.
eg har skoa til fredrik.
dei er fine.

Årdøler: le.

Er det ikkje dette vi alltid har visst? Lærdøler kan poteter.

Euforisk øving og Radio Luxembourg

Det er så deilig å vera tilbake på dei små, tronge, myrke øvingsromma på skulen. Der får eg sitja i fred, ingen ser og ingen høyrer. (Vel, ei sanning med modifikasjonar sidan lydisoleringi er fråverande, men likevel) Det er strålande og eg hadde gløymt kor fint det var.

Eg har vore på loppemarknad og der har eg kjøpt masse fint. Eg skjønnar aldri korleis arbeidskyrkja Mona greier å skrape saman så masse kult kvart år.

sandkakenam
radioluxembourg

1: Sandkakeformboks med sandkakeformer oppi+duk og sofastoff til hybelen min. Sofaen blir kul, iallfall kulare enn den er no. For no er den stygg, veldig stygg. Eg har aldri bakt sandkaker (åleine) før, men var ikkje boksen fin? Jo-o.
2: I bakgrunnen den nye veska mi som er ganske fin, fremst radio til kjøkenet mitt. Med masse byar frampå. Og når eg går på KW-nettet får eg inn Polen, Tyskland og Frankrike i tillegg til alle tenkjelege og utenkjelege østblokkradioar! Eg er ikkje heilt sikker på om eg får inn Radio Luxembourg, men det er ikkje umogleg.

I tillegg gjorde eg i går eit kupp av dimensjonar: "Skrifter i samling" av Rasmus Løland. Eg tenkjer at den jamne bloggar kanskje ikkje hoppar i taket og slår hovudet i veggen av dette namnet, men han var altså ein barnebokforfattar som levde og skreiv på slutten av 1800-talet og litt utpå det neste. Vi er no midt inni Rasmus Løland-markeringa, som varer fram til 150-årsjubileet hans som er i 2011. Og eg berre elskar at heimesida deira heiter nashornet.no. Men eg anar ikkje kvifor. Skal finne ut det.

I kveld blir det Madonna-fest (til lukke med dagen) med innslag av polsk radio. I Fredrik sine boots.

Skippy the bush kangaroo

Deilig dagen derpå etter fyrste fest på Sandane, synge Skippy-songen med Christine og reise på loppemarked på morgonen. Håpar vi finn noko fint, trur det. I dag skal eg på skulen og øve, på fyrste gong på to månadar! Det blir fint!

Bilete kjem kanze.

Vesle Daniel skal ut i verda.

Siste kveld heime før eg reiser oppatt. Det skal bli fint, gler meg til isbaren til Daiva. Og dei fine menneska eg er glad i, mest dei. Spekulerer på om eg skal prøve å sjå ei kosmisk meining i at den siste kvelden min heime vart fylt med eit voldsomt regnver, men eg trur det uansett kan tolkast i så mange retningar at eg vil møte meg sjølv i døri, stova, kjøkenet og i gangen.

nedlagtdartdsc03540
paraskjolltunet

Kvar er heime?

Berre det du er


Eg sto i ro

du fauk forbi
eg var ein fange
i det landet du var fri

Du gav meg sko
mot vinterver
medan du var kledd
i berre det du er.

Du synte veg
or skoddetru
men stilt eg spurde:
Kven er du?

goodmorningmsborderlinebypelaria


Av og til var vi inne (fordi det regna)

Bilete frå i går, ufint stole frå min kjære.
eira
nova
1: Eg skulle til å seia at eg ikkje var sikker på om det var Mariell eller eg som tok dette biletet. Gjer ikkje det, eg.
2: Nova er finaste butikken i verdi i Bergen, og Mariell overtala meg til å kjøpe dyre ting der, for så å bruke det mot meg etterpå. Eira og Mariell, spesielt Mariell, brukte også her mykje tid på å knekke meg psykisk, med vekslande hell. Til slutt jagde eg dei på Fretex.

Når vart så mykje regn så fint?

Eg har hatt ein nydeleg dag i Bergen med Mariell og Eira. Sjølv om vegen i Dale plutseleg bestemde seg for å få besøk av nokre store steinar, så vi måtte leike turistar og køyre heile den lange vegen om Hardanger og plomme, kjem eg berre til å smile når eg tenkjer på denne dagen. Eg skjønte det allereie då eg såg den raudaste raude leppestiften haste inn døri på det lille kaffekompaniet med halvveges nedslege body shop-paraply, lilla strømpebukse og body.

Vi gjekk på så mange kafear og drakk så masse kaffe at eg hadde vondt i hovudet store delar av kvelden, for vi gløymde litt å eta, men det gjorde ingenting.  No er eg veldig trøytt og veldig glad. Mariell har kamera, så eg stel bilete frå ho i morgon, kanskje. No skal eg leggje meg og sortere tankar til eg somnar.

Dilemma

I dag skal eg møte Eira, gler meg veldig. Samstundes er det ein ting eg lurer litt på.  Bloggarane er antakeleg den mest motemedvitne folkegruppa i landet. Så difor spør eg dykk:

Kor mykje må ein eigentleg tenkje gjennom antrekket før ein møter ein medbloggar for fyrste gong?

Om rutenettkomposisjon &c-

I dag har eg vore i Sogndalsdalen og vore på tur i fjella der bestefar min vaks opp. Han var med og var lukkeleg. Eg sprang ein ekstra tur, for å ta masse bilete og prøve ut komposisjonsprinsippa Mariell har prøvd å lære meg. Masse linjer og lite anna. Men eg likar å gå der, fordi Besten blir så glad når eg er glad i det han er glad i.

Elles gler eg meg slik til i morgon, fordi Mariell og eg skal til Bergen og møte fine Eira. Og så skal vi på Nova og Pepper og alle dei fine butikkane der og ignorere fullstendig at ein haug med tullete båtar ligg der. Kanskje myse litt etter matrosane.

bekk
vare
overstokksetevare2
langtnedtyldringen
hellospaceboyingenslappisjusnam


1: Bekk. Vatnet smakte rart, så eg trur den ikkje rann så godt. Men fin da.
2: Varen på Store Varefjedlet. Fjedlet var ikkje så stort, men varen var forseggjort.
3: Frå venstre: Besten, Solveig (innfødd), eg og far min over familiestølen Stokksete.
4: Varen på Store Varefjedlet, her på avstand.
5: På veg opp på Høgafjedlet (som ikkje var så veldig høgt). Fyrst her såg eg ned. Det var bratt.
6: Det eigentlege målet for turen: Tøldringen. (sett frå Høgafjedlet)
7: Hello Spaceboy; det obligatoriske sjølvdiggingsbiletet.
8: På varen på Tøldringen. Besten lønna min heroiske innsats i fjellet med ein jusboks. Den var nam. Far min prøver å prove at han ikkje er ein "slappis", ved hjelp av den ungdommelege og spennande vrien på capsen. Dei siste er to andre innfødde vi møtte på vegen. Vi er visst i slekt, langt uti. Nydeleg dialekt pao dai.

Til slutt vil eg berre beklage den høge nasjonalromantiske faktoren på bileta og spørje:
Korleis var komposisjonen? Give me the shit. Dette spørsmålet går spesielt til deg, kjære, men andre ytringar og tankar er sjølvsagt til ei kvar tid hjarteleg velkomne.

papa don't preach


overgang

Eg anar den fyrste ulempen ved blogg.no

--

Bohemen

I heile sommar har eg høyrt på eit program som heiter operaguiden på jobb. Det er ein serie på 30 program som tek for seg heile operahistoria, frå starten i Venezia og heilt fram til ny, norsk opera. Dersom du er av dei som eigentleg har lyst til å bli kjend med opera, men ikkje veit heilt kvar du skal starte- last dei ned her.

Eit anna alternativ er at du ser den operaen eg driv og ser as we speak, La Boheme av Puccini. Eg har av ein eller annan grunn ikkje sett den før, sjølv om det er ein av dei mest spelte operane som er laga. Men no ser eg han altså, og den er rett og slett nydeleg. Og veldig lett og fin, for den som blir litt skremd av skrikande sopranar og sånt. Og på toppen av det heile; Luciano Pavarotti i hovudrolla som Rodolfo. Den framsyningi eg ser er frå 96 og ligg tilgjengeleg på nettet. Go go go.

Forøvrig regnar det i Lærdal, så det er ingen som kjem og forstyrrar meg i mi vesle operaverd på turistkontoret. Eg kan roleg sitje og smile av det italienske publikummet som bryt ut i vill applaus når Pavarotti er ferdig med ein arie. Det er heilt topp.

pavarotti
Pavarotti som Rodolfo.

Eg lurer på:
Kva er ditt forhold til opera?
Kva operaar har du høyrt/likar best?
Korleis i alle dagar bøyer du opera i fleirtal på nynorsk? (operar? operaar? operaer? operaaar?)


Den vanskelege andrebloggen

Ajaj. Krise. Lite å skrive om, har ikkje kamera, så eg får gøymt det bak halvdårlege bilete. Kva gjer eg? Ringjer bloggmanager Mariell. Spør kva eg skal skrive om. Ho foreslår at eg skal skrive om noko kult. Som til dømes mine utfordingar som jazzmusikar i høve til indierock. Og så noko om Sufjan Stevens. Då eg stilte spørsmål om kor kult dette eigentleg var, sa ho eg kunne skrive om, vel, det ville eg ikkje skrive om, fordi eg tykte det vart litt for internt i hennar familie til at eg ville ha ansvaret for at det låg på nettet.

Velvel.

Da endar eg vel opp med å fortelja at ein av mine favorittpianistar, Brad Mehldau, på konserten i Molde sa, før siste nummeret: "I'm gonna play a song now, by a New York based singer-songwriter who I quite recently discovered. He's called Sufjan Stevens." Han spela ein fantastisk versjon av Holland (som han kunne opplyse var ein by i Michigan fordi Sufjan Stevens visstnok "has a project to make one album for each state in the USA), bukka og gjekk av scena.

Det, kjære, er etter mitt syn ei god løysing på dei utfordringane ein som jazzmusikar har i høve til indierock. Lytt, bruk, form, gjer til ditt. Eg sat på fyrste rad og hadde aldri før likt Sufjan Stevens så godt som akkurat då.

sufjanstevensbradmehldau09ajpgbig
Kven av desse to spelar eigentleg Sufjan Stevens best?
Kan dei samanliknast?


What's new from the front

1: Mariell prøver å utdanne meg i fotografi. I dag har eg teke bilete av tapet og systre.
2: Eg har forelska meg i Alexander McQueen, fortrinnsvis den nye kolleksjonen hans.
3: Det regnar.
4: Eg lastar ned masse operavideo på dataen min som eg skal kose meg med framover.
5: Eg skal gjera barskt kroppsarbeid på garden i morgon.
6: Innimellom kroppsarbeidet skal eg spela i eit bryllaup.
7: Eg høyrer på Salome av Richard Strauss og tykkjer det er heftig operasnacks; Sex, vald, incest og drap.
8: Eg har ete kake.

tapet
systre







shrestar

august 2008
ma ti on to fr
        1 2 3
4 5 6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21 22 23
24
25
26
27 28
29
30 31