til mine fine


kyretrakk og tornekratt,
morken ved og barneskratt.
kom og set deg p eit fang,
slott og hekser dagen lang!
prinsar, froskar, hans og grete,
godt du har s mjukt eit sete!
ingen kan deg skade no,
s lengje me er to.



skjulte rk og kjerrevegar,
kjolekragar, himmelstegar,
tre sm steg fr oppe ein stad,
vetla er vaken og kjempeglad!
kom ned hit i pysjen din,
og smak litt sovemedisin.
set dykk her p kvart dykkar kne,
s les me alle tre.



langskapet med strikkavotten,
raude boksar med dobbel botn.
to har vakna og er redde,
kom s set me oss p pleddet!
viss me set oss i ein ring,
s les me tusen fine ting;
rnar, alvar, natt og dag,
fire sit i lag



veidemann i solnedgang,
marihner, jentesang!
skorsteinar og lass med ved,
eldstemann vil vera med!
askepott og tornerose,
set dykk tett s kan me kose,
frakkeknapp og hattebrem,
her er plass til fem!



bryllaupsfest med klokkeklang,
slott av sjstjerner og tang!
heksebrygg og prinselist,
eventyr gr bra til sist.
siste soga for i kveld,
d kjem mamma likevel.
sj p ringen, kor han veks,
her sit me alle seks!






(alle bilete: mariell yre)