men alt eg ser er ei menneskemengd som hyler kan oksar flyge?

oksar kan ikkje flyge! drep han, han er eit monster! eg sit på benken, inntulla i teppet eg hekla av garnet hennar. hovudet mitt er bøygd og armane slappa. dei kastar kongler og små steinar på meg, utan at eg reagerer. plusteleg stoppar dei og det er eit sekunds dødeleg stille. thesevs! brøler dei, som svoltne løver. thesevs! så stig han fram frå mengdi; kongesonen, athen sin redningsmann. høgreist og rak nærmar han seg, verdig med tunge steg. han er kledd i hoplittrustning, med sverd, hjelm og aspis. eg ventar, verjelaus - sarissaen min er knekt, og falanxen forsvunnen. han når fram til meg og lyfter teppet av hovudet mitt. grip sverdet, og svingar det til hogg. utan smerte kjenner eg det høgre hornet mitt falle. eit nytt hogg, og eg frys. på graset ligg to blødande horn, og eg spør kven er eg eigentleg no.

share

siste delen kjem i morgon.

kvinna med oklesokkane ser ut som eg har bedd ho fly meg til månen,

og alt ho hadde var ein firegirs sykkel. ho seier kva ho heiter og spør om eg vil sitja. eg gjer det, men bestiller ingenting. utan forvarsel serverer eg ho alt eg tenkjer på over eit rundstykkje med skinke og mozzarella.

 

ho heitte ariadne, og hendene hennar var varme som sanden ein sommardag. augo hennar var holer eg gøymde meg i, og årene hennar vegen attende til dagen. vi levde som to isbjørnar på eit drivande isflak, utan å tenkje på når det sokk. då vårvarmen kom, fylgde han trådane og fann henne, utan å lata nystet liggje att. Slik vart eg gåande rundt i min eigen labyrint utan å finne vegen ut.

 

her går eg enno, i bane rundt meg sjølv. eg går alltid dei same stadene, men kvar dag tek eg ein ny veg, i håp om at denne skal leie meg ut av kretas kalde fengsel. at eg ein dag ser det lysglimtet son til daidalos såg, utan at eg sjølv blir brend og fell.

 

 

 

 


men davidsharpa læt, og eg var ikkje lenger ein minotaur.

mi retningslause vandring tek meg forbi ein statue ved eit bakeri, og eg går inn i varmen. alle dei ulike føtene, nokre i kryss, nokre rett ned, nokre med tysko og nokre med stillett. ved sidan av ei grøn tyveske, ser eg to føter utan sko, berre med svarte oklesokkar. og eg høyrer meg sjølv spørja kven det er som går på bakeri i våre dagar med berre svarte oklesokkar.

ho heitte batseba, og freknene hennar fordelte seg i fjeset som grågjess på hausthimmelen. trona hennar var sentrum for min eksistens, og håret hennar veven eg var spend opp på. vi levde som to frø på ein løvetann i ein augneblinks evig sommar. då haustmørkret kom, drog eg ut for å kjempe mot ammonittane.

bibliotek  367

bibliotek  369

bibliotek  370

framhald fylgjer. eg må berre skrive det fyrst.

ein dag. ein stad


& barneaugo som gret. kjærleikshender som roer, reiser som blir gjort. travle føter som fer forbi & trakkar i grusen.

det er her eg sit og lyer til folka som sparkar stein, den turre raslingi av grus som møter harde solar. aller mest når dei kjem gåande med dei stripete dressane sine, dei svarte koffertane og myrke sko med ekte lærsolar. då lyftar eg forsiktig hovudet for å sjå kven det er. no er alt som venta, snart blir eg overraska -  kanskje er han eldre enn sine eigne steg, slik mine er eldre enn meg.

likevel tek eg til føtene. og som eg går, søv eg, slumrar i ævestraumen av menneske og tilstandar. ein gong var eg prins i eit kinesisk dynasti, son av kalifen, maharajaen sin arving. turbanen min var av silke, frakken av hermelin og jentene i mitt harem var dei skjønnaste av kretas jomfruer. eg vakna til sirenesongen, fekk frukost av amazonene sine bryster og let meg, ved middag, forføre av kleopatra sine dansarar.

lookatme

readme

eatme

framhald fylgjer.





hjernehalvdelar og arbeidsdagar

i går arbeidde eg fjorten timar i strekk. i dag var eg nede i vel tretten og ein halv men eg er trøytt likevel. i morgon er det oppspel (instrumenttentamen), og det er ein pianist sin skjebne å vera med på alle andre sine i tillegg til ditt eige. så i morgon har eg seks. men vi skal feire etterpå med pils&pølse, så då blir det nok bra.

forøvrig har vi lært om dei ulike hjernehalvdelane på skulen i dag (ja vi har faktisk sånt som skulefag), og korleis vi kan gjera oss nytte av dei i musikkutøvingi. det ideelle er at den høgre hjernehalvdelen dominerer medan du framfører eit musikkstykke, fordi det er den spontane, kreative, energiskapande og fredsæle delen. den venstre er rasjonell, fornuftig, treg og ansvarleg. keisam, om du vil. så vi lærte teknikkar for å blokke ut den venstre hjernehalvdelen, og det meste av det er meir eller mindre rein meditasjon. ekstremt fokus på noko den høgre hjernehalvdelen oppfattar - eit sanseinntrykk eller eit bilete - og halde fokuset utan å gje slepp eitt sekund. dette er himla vanskeleg, fordi det er den venstre hjernehalvdelen som kickar inn kvar gong eg blir usikker på om eg spelar rett eller om eg trykkjer på rett knapp på datamaskina mi. men eg skal arbeide hardt for å få til dette, for eg har verkeleg trui på at det kan skapa fantastiske opplevingar.

peacocksbypelaria
peacocks av mariell makrell

eg har prøvd å arbeide slik med stykket eg skal ha på oppspel òg. difor har eg valt meg ut eit av mariell sine bilete, som eg prøver å fokusere på. eg prøver å tenkje hardt på det som skjer i biletet, dynamikken, stemningi, fargane, linene. vel, vel, de får høyra og seia kva de tykkjer. eg kan òg seia at dette er spela inn live, og all lyden eg brukar blir spela inn undervegs. (til de som ikkje er så glad i zshare, kjem den sikkert snart på myspacet. viss de ikkje seier at den er stygg og sånn iallfall)





hura hura vi har bursdag i dag

mariell snakka i fleire månader om kor lei ho var seg for at ho ikkje hadde råd til ei fin gebursdagsgåve til meg. typisk ho at ho dukka opp på langfredag med den finaste gåva i verdi til meg da.

15041613
15041614
det var fin konvolutt med stempel og blomsterdekorasjonar på
side1

aide2
to fulle sider kjærleik & ein heilt ny garderobe!
15041615
skjorte!
15041616
kåpe!
15041617
t-skjorte!
15041618
og min favoritt: dressen!

er ikkje ho fin kanskje?







så gjør vi så

etter at me kom heim frå herlege henjingadn i dag, har eg hatt vaske og skrivedag.

eg har vaska (nesten) alle dei finaste t-skjortene mine, for hand. det tykkjer eg dei fortener, det går så hardt for seg inni den fæle vaskemaskina. eg vil ikkje risikere noko takk. forøvrig er det berre fint å handvaske slike klede, fordi då får eg ein sjanse til å verkeleg kjenne på stoffet. og stoffet er kunsten. stoffet er den store skilnaden.
                                                    (spør du meg)

forrige rull  04

forrige rull  01
(nepalskjorta får ikkje liggje med dei andre fordi ho fargar av.)

elles har eg stort sett site og skrive musikk i heile kveld, eg skriv på noko som heiter andre fase, som eg håpar skal bli eit ordentleg (litt stort) minimalistisk verk ein gong. får det sikkert aldri framført, men gøy likevel. i morgon reiser eg til fjells att, no for ein lengre periode. masse ski, masse kjæreste & litt gebursdag. det blir stas.

forrige rull  06

når det gjeld påskebodskapen, har jo den- til likskap med julebodskapen- hamna i skuggen bak leik i snøen og rare dyr i freshe fargar. det gjer ikkje meg så mykje, men eg tenkte at eg likevel ville spreie bodskapen, gjennom noko av den mest storslegne musikken eg veit om.

forrige rull  13

de skjønar, i tidlegare tider var det vanleg å skrive pasjonar; skildringar av jesu liding og død. her var det altså rom for store kjensler, og ikkje uventa var høgbarokken sjølve gullalderen for denne sjangeren. heller ikkje uventa, heitte den store kongen johann sebastian bach og hadde rart hår. hans to store pasjonar, johannes- og matteuspasjonen er mellom det aller fremste han skreiv og ikkje minst er det fint å ta fram no i påsketidi. så kan du seia til venene dine at ja visst tek eg vare på påskebodskapen ingen amerikanske kulturimperialistiske eggharar her nei. og då dei høyrde det gjekk dei burt ein etter ein- dei eldste fyrst.

moralen er: gakk heim & høyr på bach.





når eg ikkje spring


det er påske og eg har god tid. det er problematisk. når eg har god tid tenkjer eg mykje, meir enn vanleg. vanlegvis har eg alltid mykje å drive med eller mariell å forelske meg i, men når eg har fri heile dagane og ikkje er med ho, får eg tenkt. kombinerer du det med fakta på laurdag i går om korleis verdskjende musikarar eigentleg blir verdskjende musikarar, får eg hovudbry i dag. litt vondt i magen òg. ei nervøs kjensle for kva eg gjer når eg blir stor, eit stikk ved tanken på kva eg ikkje gjer.

men eg tenkjer ikkje berre, eg arbeider litt òg. det ligg ein ny låt på myspace-sida mi, som de kan høyre på viss de ikkje norskar dykk på påskefjellet utan internett. det gjer eigentleg eg, eg er berre nede i bygdi mellom to av dei totalt tre ulike hytteopphalda. norsk var eg og norskare skal eg bli.

piano


men tenkjer ikkje berre, eg les litt òg. i dag vart eg ferdig med alle mine kjære (the lovely bones) av alice sebold. slutten var nydeleg, elektrisk, gåsehudaktig. ver gode, kjøp ho og les ho. (og ja, mariell; eg veit at du kjem til å mobbe meg fordi eg elskar alle dei ytterst få bøkene eg les. men det er fordi eg berre les dei bøkene du tvingar meg til å lese, og du har usakleg god smak.)

9788252172041

ein annan de godt kan lesa er hans sande, berre fordi han er så rar og kul. eg var på skriveverkstad med han onsdag, det var inspirerande og fint. dessutan er det fint at han har laga masse ulike, rare kjevler og laga ei bok om det. denne er òg fin:

hanssande

 

slangen


Slangen
snik oppetter
brystet mitt kysser
skjeggstubbane og blir ein
mann

beautifulbypelaria

april 2009
ma ti on to fr
    1
2
3 4
5
6 7
8
9 10 11 12
13 14
15
16 17 18 19
20
21
22
23
24
25
26
27 28
29
30