ein kronikk seinare


ein kronikk seinare ligg eg og ventar skriv og stussar på om det går an å halde straumen sjølv om ein ikkje akkurat då strøymer inni eg prøver eg veit om ein straum som aldri stoggar det er impulsane (for i dag har eg arbeidd med impulsmusikk) impulsane kjem meir fornybare enn den kvekaste vestlandsfoss om verdi står går impulsane det er eg sikker på for eg har sett det eg har sett verdi stogge for å sleppe plass til impulsane og det var som dei sette ei ledning til kroppen min og slo på straumen
 create animated gif

vi dansar ein del gjer vi ikkje
 create animated gif

det var ein av dei beste deigane eg har kjent


liv

eg sit ute på trappi hjå mariell for dei ser på ugly betty og eg klarer ikkje fordi akkurat no treng eg stilla tankane mine går fortare enn eg klarar å skrive og det resulterer i at akkurat vart stava med tre ulike dobbeltkonsonantar før eg kom fram til at det er to k-ar det skal vera eigentleg du skjønar det norske kammerorkester har vore på sandane i kveld og eg sat på fremste rad då dei spela mendelsohn sin fjerde og beethoven sin sjuande symfoni og eg vart blåst bak i stolen av fire celloar og to bassar ja for det er berre eit kammerorkester men herregud for ein presisjon og for ei kraft for ei kraft for ei kraft eg kan ikkje gå inn enno i stad måtte eg ut og gå etter eg hadde sprunge heimatt då gjekk eg ut på plenen i sokkane klatra på steinbordet såg ut over sandane og tenkte gud for ein fantastisk plass men gud så fantastisk det skal bli å koma til oslo og gå på slike konsertar jamnleg og oppleva magien gong på gong på gong på gong på gong på gong på gong eg prøvde å invitere mariell ut men ho ville ikkje enno fordi ho har besøk og dei ser betttty men det går berre ikkje fordi akkurat no lyt tankane mine få gå heilt uforstyrra av fine damer som prøver å sjå stygge ut fordi akkurat no tenkjer eg på stygge menn som spelar nydeleg og no blir eg jagd inn av mariell hadet

oschjlo

eg har vore i oschjlo på prøvespeling og slikt. eg låg i denne sengi.
bibliotek  317
tysdag fann eg ut at eg var gått vidare til siste runde i det frie kandidatstudiet på nmh. så då vart eg kjempeglad og tok fyrste trikk til Grensen for å feire! her kunstish.
bibliotek  318
og dette er eit fint reinsdyr eg fann. og to rare damer.
bibliotek  319
så eit av mine favorittbutikknamn. eg drøymer om å starte eit band ein dag som heiter grændsens skotøimagazin.
bibliotek  320
så nådde eg målet, fine bare jazz. heilt umogleg å få auge på, du må berre sjå skiltet og høyre musikken.
bibliotek  321
så kjem du inn i den mest vidunderlege, middelhavske bakhagen. der er det herleg jazz, og bilete av herlege Gerry Mulligan som spelar barytonsax. fin fyr, men full av heroin. huff.
bibliotek  322
fyrst gjekk eg på platebutikken i fyrste etasje og kjøpte nye plata til Bugge, fordi at Bugge er så stor del av grunnen til at eg faktisk driv med det eg driv med. han fortener pengane mine. 
bibliotek  325
så gjekk eg på kafeen i andre etasje, kjøpte meg eit brownie-stykke og ein ingefærte, og sette meg for å smile. 
bibliotek  324
etter eg var ferdig med å smile, fann eg fram den fine boki mi og las i den. 
bibliotek  326
(men eg heldt fram med å smile i løynd)


oppstoda


ei ny tid 
for skuldmenn

vi sleikjer oss
rundt kjeften

skriv i dine
bøker

(stel alt vi 
ser)

sanneleg-
før oss ikkje ut 
i freisting.

jollyroger13i57od


systre, brør


eg har ein bror. og så har eg eit brorfolk. bror min kan eg skrive om ein annan gong. brorfolket mitt vil eg skrive om no. 

eg vil syne dykk ein film på eit og eit halvt minutt, håpar de har tid til det. den fortel korleis menneska lever i gaza, korleis dei har levd der dei siste to åra. dei blir nekta alt. dei manglar mat, drivstoff, materiale, vatn, jord, medisinar, og ikkje minst blir dei nekta dei mest grunnleggjande menneskerettane. dei bur i eit fengsel, eit fengsel som verdi sto og såg på vart bomba i grus 22 dagar i strekk. 
 

filmen heiter "closed zone" og er laga av ein israelar, yoni goodman. han har nyleg samarbeidd med ein annan israelar, ari folman, om å laga animasjonsfilmen waltz with bashir, som er den filmen som står øvst på mi liste over filmar eg skal sjå framover (nokon som har sett den?). den omtalar den israelske invasjonen av libanon i 1982 og massakrane av palestinske flyktningar i sabra og shatila. 

dei fleste palestinarar som lever i dag har aldri opplevd fridom. det er på tide at dei får det. seksti år med okkupasjon er seksti år for mange. vi kan ikkje godta seksti til. 

mars 2009
ma ti on to fr
            1
2 3 4 5
6
7 8
9
10
11
12
13 14 15
16 17
18
19 20 21 22
23
24 25 26 27 28 29
30 31