Sitar

Nokre lurte ein gong på korleis sitaren min ser ut. Så eg tenkte eg skulle vise dykk den. 
2801190
Den kom frå India i denne kassa. Lappen er engelsk og tyder: "Dette instrumentet har vi alle rettar til å knuse ressonanskassa på." Grr. 
2801191
Så her er den altså. Ganske fin. 
2801192
Behind the scenes: Eg prøver posen for sjølvutløysaren.2801185
Ok, Beatles no.
28011862801187
Den har kjempefine detaljar!
.28011932801194
Syster mi kjøpte den til meg i New Delhi. Gjett kvar.
2801196
Ja. Hare Krishna Musical Store. Iiiiih. Men det beste, er det som gøymer seg inni kassa. Indiske aviser! Spåkoner, fakirar og søte indiske menn i bar overkropp.
2801197
Min favoritt: Teikneseriane!
2801198
Fin, kva? Det tykkjer eg.

Kanelbollar på seg

Eg har vore litt sliten og mismodig i dag. Mariell likar ikkje så godt når eg er sliten og mismodig, så då eg kom heim frå ekstra-cabaret-øving, vart eg utestengt frå kjøkenet. Til slutt fekk eg lov å koma inn.
2601172
Ein masse kanelbollar på disken! Mariell visste ingen verdens ting om dei!
2601173
Ho kunne faktisk ikkje skjøne korleis dei hadde havna der i det heile teke. 2601174
Likevel måtte ho passe på at det neste brettet ikkje vart svidd. På dette punktet vart eg litt mistenksom og tok til å lure på om Mariell kanskje hadde ein finger med i spelet likevel, men kanelbollar er godt, så eg grov ikkje meir.
2601175
Kjempegodt, faktisk. Og ikkje svidd!
2601176
No, mangoen veit eg at det var ho som sto bak!
2601178
Og så prøver eg å sjå svensk ut med ny cardigan,
2601177
prøver å hindre den sniken Jeff Buckley (på veggen) å få tak i han. Den er min, Jeffegutt! Ligg unna!

Eg skal ta til å skrive dikt


Eg skal ta til å skrive dikt når
du er her fyrst då
blir det råd å lesa det eg legg
att når eg ein gong set innåt
pianokrakken

då skal dei kose seg med
te og kjeks bla i album høyre
på gamle plater tenkje at han
må ha vore lukkeleg likevel og
stille stille skal vi to vera
            sukkerbitar
                       i snøen.


*
2501168
Jakke og t-skjorte frå Acne Jeans

2501169
Scones frå Augustins Kaffelade
2501171
finfinfin (+ acne-cardigan i reprise)


Babaama Rock

2001133
2001134210113621011372001135

Borabamacka

Babaama Rock

Crak Ababamo

Kraba Maboca

Cama Ob Karab

Back Bomaara

Ob-rack Amaba

B.A. Back-o-Rama

Craba-Bamkoba
*

21011392101140
Og så har eg fått julegåve frå Janne, ei perfekt Moleskine notebok.Tusen takk, god jul!

(framleis) forelska

Eg likar å vera offentleg forelska, så alle kan sjå det,
så ingen er i tvil om at det er slik det er
dagblabilete

risotto, raudvin.

I går laga Mariell ris til kanskje 100 personar. Og vi var berre to. Det tyder risotto i dag.
1
På eit eller anna tidspunkt fekk vi ideen om at ingen risotto er komplett utan tre egg. Det var gøy.
2
Og det vart faktisk veldig godt. Med egg.
3

*
No har vi funne oss litt gøtt i køppen,
4
til og med ordentleg raudvinssmoothie. Den laga eg heilt sjølv, kjempegod, lovar!
5
Knekkebrød med mamma sin juleprim!
6
Ny skjorte og raud bukse stole frå Fredrik.
7
Altså; det er torsdag att på Sandane. Snart skal vi til Torunn og diskutere politikk og filosofi.

ei maskin fanga i ei fingerfelle.

I dag har eg hatt øvesperre. Fekk ikkje til å øve skikkeleg, så då vart det berre til at eg skreiv i staden for. Det som uroar meg litt er at eg tek til å tenkje som ei maskin, som ei datamaskin.
1301091
Brått høyrest musikken min ut som han er avla av robotar, og fingrane mine klagar og hendene mine gret. Dei greier ikkje å spela som robotane gjer.
1301092
Og i dag greidde dei altså ikkje å spela som noko anna heller, iallfall ikkje som ordentlege jazzhender. Vonleg kjem fleire dagar.
*

I ein slik situasjon treng ein andre ting, og ein av desse tinga har eg i ein rosa elle-pose.
1301093
Det er ei bok, eg fekk ho til jul (men ikkje før eg kom attende til Sandane, og du får aldri vita frå kven). Sidan det har eg ikkje sluppe ho lenger enn nokre meter frå meg.
1301094
For dei av dykk som ynskjer ein sjanse til å le av morsom nynorsk- nyt det. For dei av dykk som berre tykkjer språk er spennande- nyt det, de òg. Olav H. Hauge til diktarbror Jan Erik Vold:
1301095
Sidan hamna finami og eg inni kvar vår slik. Vi kom oss ut, men ikkje med ein gong.
1301096

Utandørs i Årdal/ Vestlandet fornektar seg ikkje II

Laurdagskvelden var vi ute på tur. Eg fekk ansvaret for å halde kameraet, så eg tenkte eg skulle prøve å ta eit par bilete. Mariell hadde brukt det (ho gjer gjerne det), så lukkartidi var stilt på "jostein-back-off", men det sjekka ikkje eg. Så eg skjønte ingenting, berre konstaterte at hadde eg vore 14 år med eit litt stort uttrykksbehov, hadde eg sikkert meldt det på UKM. Men ikkje tru at eg gjorde det med vilje.
12011
Mariell prøvde å få det til like fint. Ho er ikkje så flink, stakkar, men ho prøver så godt ho kan. (ho gløymde jo å sørge for at ein bil køyrde forbi. Elementært.)
12013
*
I går morgon besøkte vi gravi til fina sin bestefar, og då fekk
ho det betre til med bileta. Eg prøvde ikkje då, eg.
12016
12015
*
Forøvrig er vestlandsveret stadig skiftande, slik at alle vegar var stengde i går òg, så vi måtte vente til i dag med å koma oss attende til Sandane. Men det var ok, fordi då måtte vi vente ein halvtime i Sogndal, og der fann eg ein stor spegel til hybelen min, (enda) ei dressjakke til meg, ooog ei veldig fin Dolce & Gabbana-skjorte til kroner 30. Ho eldre dama i kassa sa ikkje noko om skjorta, men tykte at jakka, som forøvrig kosta 50 kroner, var stilig. Eg nikka og smilte.

Snø og stolne vottar

Vestlandet fornektar seg ikkje. Vegen har vore stengd på grunn av ras, så eg må vente på neste buss. Her er det mykje slaps og snø og fint, litt blautt. Mariell laga den beste safranrisottoen i verdi i går, og etterpå hadde vi ein klassisk, fin kråkeslottfest. Og så såg eg Et dukkehjem med Lise Fjeldstad i dag, og det var fantastisk. Sjølv om det var ein fjernsynsteaterproduksjon, og det seier litt.

09014030901404
Eg har ikkje eigentleg stole dei altså, det er berre at ein eller annan
har lagt dei att på hybelen min og så har eg adoptert dei litt.
0901399
Butikkfina
0901408
"Pff, det er berre noko du seier, det!"
0901406
"Nehei, lovar!"
0901405
Dette er kva eg kallar ei retteleg eteforstyrring.
0901407
Men ikkje ver ottefulle, ho innhalerte ikkje.


pakkepakkepakkepakke

Eg har hatt pakkekveld/julaftan.
0701389
Eg hadde nemleg lagt att ei julegåve på Sandane, og den måtte eg opne no, ellers kunne den bli gamal. Pakka var frå bestemor og bestefar til Mariell
0701390
og det var jo litt rart, sidan ein av dei er vekke no. Eg lyt takke bestemor dobbelt, det skal nok gå fint, gode kompisar, vi. Men eg tenkte iallfall at eg måtte opne forsiktig, ikke øydeleggje papiret og slikt.
0701392
Dei fyrste to teipbitane gjekk veldig fint eigentleg. Godt fornøgde med dei.
0701393
Dei neste to var litt verre, men det ser du ikkje fordi då opna pakka seg. Men det vart eit par små rifter i papiret der, det kan eg ta sjølvkritikk på.
0701394
Sånn, eg fekk to sesongar av favorittkrimmen min, Inspector Morse.
 Det var akkurat det eg ynskte meg, tusen takk.
0701395
*
Ellers prøver eg desperat å skrive ein norskstil og får det ikkje til. Verkeleg ikkje. Sjølv om eg har vald den oppgåva eg ikkje hadde lov å ta (trur eg), og det pleier å gje meg litt skrivekick. Norsklærarinna mi pleier å kalle meg hennar enfant terrible. Det gjer meg lukkeleg.

Hyrdingane


http://tritonus.blogg.no/images/bibliotek_308_1231023572.jpg

Medan eg misser trui
på mennesket
får eg meir tru
på bestemor

hennar sting og
hennar visdom

men ståa er den
at bestemor manglar
og Gaza brenn.

http://tritonus.blogg.no/images/bibliotek_307_1231023739.jpg

trust i can rely on your vote

kort

Kjære deg

forstår du
at eg ikkje
får noko gjort

at eg berre går her
og trør, spelar

små stykke for klaver og
legg kabal

dsc03908

januar 2009
ma ti on to fr
      1
2
3
4
5 6
7
8
9
10 11
12
13
14
15
16 17 18
19
20
21
22 23 24
25
26
27
28
29 30 31