svar til deg

 

kjære bella,

 

eg går her heime utan deg, det er rart. tusen takk for brevet, eg måtte vore bra kald og fæl for ikkje å bli litt rørd. og kald og fæl trur eg ikkje eg er. uansett, eg vil fortelja deg om nokre fine ting eg har gjort i dag. 

 

  • frose på tærne då eg vakna
  • eg har besøkt den gamle ungdomsskulen min og helsa på lærarar og elevar eg ikkje hadde sett på fleire år. nokre hadde eg sakna, nokre ikkje. 
  • jon-erik, musikklæraren, var av dei eg hadde sakna. han viste meg den nye synthen dei hadde kjøpt.
  • komponert litt musikk (som eg allereie har sendt deg på mail), men berre litt.
  • spela masse på det sjuke pianoet som står heime i stova vår.
  • spekulert på korleis eg kan hjelpe det sjuke pianoet som står heime i stova vår, fordi det var faktisk ved det eg voks opp. 
  • prata med besten om livet, arbeid og velsigning. 
  • smilt av besten sine frihands sogna-attdiktingar av bibelsoger («dao, vait du, Josva sa at 'fao røvi i gir og ta ait standpunkt'!»)
  • sett starten av ringens brorlag-filmen åleine (fordi du eigentleg ikkje har lyst å sjå han oppatt).
  • tenkt på deg i alle pausar, i alle innpustar og kvar gong eg smilte.
  • ete omelettmiddag med mamma. 

 

håpar du har det ganske fint og at du saknar meg  som eg saknar deg. men eigentleg veit eg jo det. 

 

god natt

 

bello

 


 



Kommentarer:
Postet av: hjartesmil

<3

01.mar.2010 @ 21:56
URL: http://hjartesmil.blogg.no
Postet av: Rikke

dere to er fine. dere gjør meg skikkelig glad også. smilefjes.

02.mar.2010 @ 12:12
URL: http://dashing.blogg.no
Postet av: Cesilie

De er bra søte!

Eg kjenner eg blir glad, og det trong eg i dag. Takk.

Og så flira eg høgt for meg sjøl av bestefartranskripsjonen din.

02.mar.2010 @ 14:25
Postet av: kristine

ja til kjærligheten. Godt å lese.

03.mar.2010 @ 00:41
Postet av: stine

så fint! jeg har ikke ord... derfor skriver jeg de ikke heller. men du (dere) er herlige!

03.mar.2010 @ 08:37
URL: http://stinsom.wordpress.com/

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/16520094