kopar


foto: mariellvel

å menneskje, syng tenoren, omkransa av stille strykarar. ein obo dansar inn og du knepper opp skjorta. mezzoen klagar medan dei koparraude gardinene fort blir trekt føre. i taket opnar himmelen seg, men under brest jordi.

dagar går og togni et på meg. for kvar melding frå mamma, kvar mail frå nigeria, bit ho eit stykke av kroppen min og tygg framfor meg. eg sit roleg i korgstolen og ser det ljose kjøtet forsvinne, ler for meg sjølv av det absurde åsynet. kva skal ein gjera.

ein kan
     stoppa sokkar
          spela gnav
               sova i operaen
                    hengje seg
                         kastrere katten eller
                              turke av pianoet

ein kan også vandre omkring som ein springar i eit sjakkspel og vente på stundi når Lg5 kjem og eg skjønnar kva veg det ber. høyre på madrigalar og syngje med kontratenoren som best eg kan, før barokken gjer meg overflødig. fyre i jøtulen med tømde ølflasker og gamle bindersar, i von om å finne sanning i logane.

 

viss ikkje kan eg la den sløve sagi grava gjennom skinnet mitt, ta ut eit stykke meg til ho som sit taus og fortærer. eg kan enno ein gong smile nøgd med at hjartet ikkje sit i låret, og håpe at det held seg slik. er eg heldig, forsvinn ho når ho er mett. er eg heldig, knirkar det i døri når ho kjem, så eg høyrer ho.

 

kvar er du i alt dette; sit du i lyngen med ein plukkar og blå fingrar. spring du nedover eit fortau for å nå ein trikk. dansar du sveitt i blodfersk rus, er du gøymd bak koparraude gardiner i eit hus eg aldri har sett.

 

 


Kommentarer:
Postet av: Silje

Fin blogg.

18.des.2009 @ 06:08
URL: http://siljeskj.blogg.no
Postet av: hjartesmil

lol, "fin blogg"

18.des.2009 @ 11:26
URL: http://hjartesmil.blogg.no
Postet av: T

Å, så fint du skriver. Ord som liksom tar hverandre i hendene og hører samme på en unaturlig men fantastisk måte. Og alle setningene er jo mer enn nok i seg selv, men noen hugger seg særlig fast i meg

"viss ikkje kan eg la den sløve sagi grava gjennom skinnet mitt, ta ut eit stykke meg til ho som sit taus og fortærer"

og slutten

"dansar du sveitt i blodfersk rus, er du gøymd bak koparraude gardiner i eit hus eg aldri har sett."

Nydelig, ganske enkelt.

18.des.2009 @ 14:40
URL: http://skuggevals.wordpress.com/
Postet av: tritonus

T: Tusen takk! Hald fram med å utforske nynorsken (og sei frå viss du treng tips eller hjelp)!

18.des.2009 @ 16:40
URL: http://tritonus.blogg.no
Postet av: nattvake

(Det er slike som deg som gjer at eg er botnlaust forelska i ord og i litteratur)

20.des.2009 @ 15:29
URL: http://nattvake.blogg.no
Postet av: Silje

Du skriv så utrulig fint. Eg vil lære meg det. Og nynorsken, herlig.

I sommar da du var i Aurland på sommarkurs, var ei venninne av meg på det òg, Linda.

Eg hadde lyst til å prøve også, men eg turte ikkje for eg var redd for å få eit nei.

20.des.2009 @ 23:15
URL: http://siljehuseklepp.wordpress.com/
Postet av: Freddy

ååååå det hadde vore fint å sett dreadsa dine fly innom:) GOD JUl

21.des.2009 @ 10:33
URL: http://graasona.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/13977312