nyårsdag





med di beste evne kunne du likevel ikkje innsjå det.

i gamle ord sto du bunden og skalla mot veggen, nasen raud og blodig av slaga. eg gjekk innåt og hengde opp eit pledd på spikaren. då eg gjekk sto du framleis der, med små fjon av tova ull i håret. or mange augo som må til for å sjå det, spurde du deg aldri. Kor mange blikk ein laut kaste den same staden for å trengje gjennom bordet, koma under golvet, finn du aldri ut. Som dei før deg spring du som jaga utan rørsle, dansar som rusen utan takt. Hjarteslaga dine knekkjer ribbeina, eitt for eitt, før dei tærer lever og magesekk. Når runden er ferdig, med spreiingi av kraniet ut over golvet, pakkar du deg saman att og tek til på nytt. Du vaklar og dett, men stiller deg opp att innved veggen, tek i mot slaga som kjem.

Men gongen då du fell ventar. Framme i lysingi står han, med skinande sverd og rusten brynje. Svartbroten og med grove andletstrekk. Du fryktar han meir enn alt, og elskar han meir enn livet. Du spring mot han men forsvinn vekk. Du flyktar frå han, men ser augo hans nærme seg. Nyårsdagen er komen, kvar er rakettane.  


Blitzsljoset blendar deg og du skvett bakover. Du er omgjeven av dei du elskar, graset og stjerneskota. Du er heime, vener syng og jenter dansar. I vestlidi ser du palmeblada kvervlast og fara opp mot tempelet. Du ser målet, strammar ryggsekken og legg av stad. Kart finn du der. Skoa tek du av. Ventetid kan koma når ein visnar, då kan ein vente på slutten, lata tempelet koma til seg. No spring du mot den store elvi over marki, rimet ligg sylvaktig og lyser vegen. Du kiker rundt alle svingar om brui snart kjem, men ho er ikkje å sjå. Alle vegar har ei bru, tenkjer du. Sjølv om du har rett i det, veit du ikkje kvar du finn ho, så du er like langt.

 

Då eg kom att, sto du framleis der, med små striper storkna blod i håret. Du var bøygd innåt veggen, og ribbeina dine var lause. Eg tok dei ut og skapte ei kvinne, nokon til å ta seg av deg, men du stengde ho ute. Resten av natti sto ho utanfor og hamra på glaset, til ho endeleg sokk saman på den frosne plenen. Eg tiltala deg for utruskap mot skapingi og dømde deg til døden, du steina deg. For kvar gong blir du mindre å plukke opp, og du spør deg kor mange augo som må til for å sjå det. Du skjønnar at det er seint, og legg deg, til straumen dreg deg opp og inn i kvervelen att. Palmene utanfor veks og visnar i takt med di eiga rotning. Ekorna i hagen byggjer hus til vinterern og fyller dei med tenner og anna dei fann. Det var faen til torsdag, du seier det høgt, så ingen høyrer det.

 


Kommentarer:
Postet av: hjartesmil

altså, eg tykkjer den er nydeleg.

16.des.2009 @ 01:51
URL: http://hjartesmil.blogg.no
Postet av: Lisa

Eg likar orda dine, Jostein.

16.des.2009 @ 20:36
Postet av: hjartesmil

Mariell: Søt, nuss.

Lisa: Takk!

16.des.2009 @ 22:27
URL: http://hjartesmil.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/13852949