forfatteri forfattera
For å skrive romanar må ein først og fremst vere fylt av eit kontrollert raseri og ei kjensle av at ein skal ut og ta dei, jævlane. - Ragnar Hovland
eg sit på turistkontoret og skriv søknad til furore-stipendet. tenkjer at eg skal ta dei, jævlane, veit berre ikkje heilt korleis. no grunnar eg på formuleringar og nyanseringar, for at det skal bli mest mogleg tydeleg at eg faktisk treng pengar.
elles får eg meir og meir respekt for ragnar hovland. det er noko deilig upretensiøst ved hans måte å skrive på. eigentleg minner han meg om arve henriksen; stille virtuositet. ta til dømes bussen til peking, som opnar med dei fyrste vel 50 sidene av ein krimroman, utan noko form for løysing - glitrande lite sjølvhøgtideleg. eg trur neste bok på leselista mi lyt bli åleine i alpane.
men fyrst: a concise chinese-english dictionary for lovers. og altså furore.
Haha! Eg tenkte lenge og vel på det der furorestipendet, men kom ikkje på noko bra å skrive i søknaden. "Eg treng 10 000,- til å reise til Italia for å skrive eit lite dikt" høyres så teit ut.
Å, Ragnar Hovland! Åleine i alpane er veldig kul, men den fulle utgåva med alle bøkene får du berre tak i frå bokdykk, om du ikkje har ho frå før av, då. Dessutan har boka spelt ein viktig rolle då eg vart kjent med Ola :)
Den Dizzy-videoen var nesten litt ekkel. Sinnsjukt oppblåsbare kjakar haha
http://blogsoft.no/trackback/ping/10256638