korleis ein dårleg dag vart ein vedunderleg morgon

 

Ho let han ikkje gå. Sjølv om ho veit at han kan koma til å misse bussen, slepper ho han ikkje. Hendene hennar grip om han i det han snur seg, berre eit til, seier dei. Han går ned trappi og ser seg sjølv. Han går bortover vegen, let sansane tala i tredje person. Kvifor har ho Range Rover, tenkjer han. Så vakre lydane er, seier han. Han går sakte, for å få med seg alt. Etter krysset, der han tok til høgre, ser han på klokka. Ho er meir enn han trudde. Han tek til å småspringe, for å vera heilt sikker på å nå det. Ventingi, som han hadde sett føre seg berre skulle bli ein augeblink, tek lenger tid enn han hadde trudd. Bussen skal fyrst passere på motsett kant, for så å koma attende og plukke han opp. Ho med Range Roveren er her òg, det forvirrar han, for ho køyrde  ei anna retning i stad. Når han endeleg ser bussen koma, tenkjer han at det var på tide. Bussen stoppar, og sjåføren vinkar til han, ber han koma bort. Han har aldri opplevd det før, å gå på bussen på feil kant, men sjåføren smiler. Når han har funne setet sitt, og teke det litt bakover, skriv han alt ned. Han hadde bestemt seg for det på førehand. Utan å veta kvifor, håpar han at det startar noko større; ei verd, eit opphald eller berre små korn av lukke i form av franskkurs og dansing på gatene i ein by. 

raindrops on roses and whiskers on kittens


Kommentarer:
Postet av: Jenny

Han skriver veldig fint. Og jeg tror det blir strålende for ham og henne i den nye byen.

10.jul.2009 @ 19:16
URL: http://jennymis.blogg.no
Postet av: Margrethe

Så fint! du er virkelig flink til å skrive

Postet av: nøve

åå. hjerte

16.jul.2009 @ 09:55
URL: http://omgstfulzm.blogspot.com
Postet av: En slik pike

Jeg fant deg gjennom bloggen til fina. Så heldige dere er som har hverandre.

22.jul.2009 @ 11:06
Postet av: beate

du skrive jammen fint!

30.aug.2009 @ 23:20

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/9996029