eg er minotauros, den avvæpna.


pasifaë er mor mi, far min kom frå havet. sarissaen min er knekt og falanxen forsvunnen. eg er kjønnslaus. horna mine ligg og blør - eg ventar, verjelaus. lyer til menneska som går forbi. den turre raslingi av grus som møter harde koturnar, vinden som susar i khitonane. kvar dag fell nye blad av den store bjørki rett over stien. eg går bort for å halde dei, fortelja at eg er ein av dei og at dei kan stole på meg. dei svarar, og eg blir overvelda av lyden. overalt rundt meg pip det i små, gule lauv - hese, tunne stemmer. dei hyller meg som konge av knossos og samlar seg rundt fløyelskappa mi. nokre spring ville rundt for å samle pinnar til herskaren si krone, andre legg seg på benken for å gjera det mjukt å sitja. aldri har eg følt meg så stor, så mektig - og eg tek dei med opp på setet mitt, takksemd. fyrst ved midnattstid går eg heim til stilla og garnnysta.

eg er uria, den svikne. regnet har kome i dag, og eg blir våtare for kvart skopar som går forbi. lauvet eg elska i går, er raka i dag. pianomusikk suser i hovudet mitt og augo flakkar, svimlar. eg er hades, heimen min er i underverdi. ho heitte medusa, og augo hennar gjorde meg til stein. badet hennar var vatnet eg drukna i, garnet hennar mitt galgetog.vi levde som gladiatorar i guds colosseum, og eg stirer forferda på liket der i sanden. du feirer sigeren på fanget til keisaren din, medan eg lyer til menneske som sparkar stein, den turre raslingi av søvn som møter harde morgonar. min plass er her, mitt ansvar ufråvikeleg. eg sit på min post. fylg meg ned.


Kommentarer:
Postet av: Marie

bare.. wow.

03.mai.2009 @ 17:30
URL: http://13ord.blogspot.com
Postet av: graasona

eg trur eg hadde blitt lukkeleg slik!

03.mai.2009 @ 22:28
URL: http://www.graasona.blogg.no
Postet av: Sandra Sandrus

Dette likte jeg virkelig. Åh, skriv mer!

15.mai.2009 @ 08:14

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8717849