men alt eg ser er ei menneskemengd som hyler kan oksar flyge?

oksar kan ikkje flyge! drep han, han er eit monster! eg sit på benken, inntulla i teppet eg hekla av garnet hennar. hovudet mitt er bøygd og armane slappa. dei kastar kongler og små steinar på meg, utan at eg reagerer. plusteleg stoppar dei og det er eit sekunds dødeleg stille. thesevs! brøler dei, som svoltne løver. thesevs! så stig han fram frå mengdi; kongesonen, athen sin redningsmann. høgreist og rak nærmar han seg, verdig med tunge steg. han er kledd i hoplittrustning, med sverd, hjelm og aspis. eg ventar, verjelaus - sarissaen min er knekt, og falanxen forsvunnen. han når fram til meg og lyfter teppet av hovudet mitt. grip sverdet, og svingar det til hogg. utan smerte kjenner eg det høgre hornet mitt falle. eit nytt hogg, og eg frys. på graset ligg to blødande horn, og eg spør kven er eg eigentleg no.

share

siste delen kjem i morgon.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8708854