kvinna med oklesokkane ser ut som eg har bedd ho fly meg til månen,

og alt ho hadde var ein firegirs sykkel. ho seier kva ho heiter og spør om eg vil sitja. eg gjer det, men bestiller ingenting. utan forvarsel serverer eg ho alt eg tenkjer på over eit rundstykkje med skinke og mozzarella.

 

ho heitte ariadne, og hendene hennar var varme som sanden ein sommardag. augo hennar var holer eg gøymde meg i, og årene hennar vegen attende til dagen. vi levde som to isbjørnar på eit drivande isflak, utan å tenkje på når det sokk. då vårvarmen kom, fylgde han trådane og fann henne, utan å lata nystet liggje att. Slik vart eg gåande rundt i min eigen labyrint utan å finne vegen ut.

 

her går eg enno, i bane rundt meg sjølv. eg går alltid dei same stadene, men kvar dag tek eg ein ny veg, i håp om at denne skal leie meg ut av kretas kalde fengsel. at eg ein dag ser det lysglimtet son til daidalos såg, utan at eg sjølv blir brend og fell.

 

 

 

 


Kommentarer:
Postet av: Silje

oj, fin blogg :D

29.apr.2009 @ 14:55
URL: http://www.siestahaars.blogg.no
Postet av: sommarsnö

endelig.

29.apr.2009 @ 15:05
URL: http://sommarsno.blogg.no
Postet av: Inger

Så fint du skriv, Jostein!

29.apr.2009 @ 16:27
URL: http://ifg.blogg.no/
Postet av: Arma

næmmen, jostein da.(skriv en bok)

30.apr.2009 @ 11:49
URL: http://kjekt.blogspot.com

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8688493