ein dag. ein stad


& barneaugo som gret. kjærleikshender som roer, reiser som blir gjort. travle føter som fer forbi & trakkar i grusen.

det er her eg sit og lyer til folka som sparkar stein, den turre raslingi av grus som møter harde solar. aller mest når dei kjem gåande med dei stripete dressane sine, dei svarte koffertane og myrke sko med ekte lærsolar. då lyftar eg forsiktig hovudet for å sjå kven det er. no er alt som venta, snart blir eg overraska -  kanskje er han eldre enn sine eigne steg, slik mine er eldre enn meg.

likevel tek eg til føtene. og som eg går, søv eg, slumrar i ævestraumen av menneske og tilstandar. ein gong var eg prins i eit kinesisk dynasti, son av kalifen, maharajaen sin arving. turbanen min var av silke, frakken av hermelin og jentene i mitt harem var dei skjønnaste av kretas jomfruer. eg vakna til sirenesongen, fekk frukost av amazonene sine bryster og let meg, ved middag, forføre av kleopatra sine dansarar.

lookatme

readme

eatme

framhald fylgjer.





Kommentarer:
Postet av: Kristin

eg likar handskrifta di.

25.apr.2009 @ 18:24
URL: http://vent-litt.blogspot.com
Postet av: hjartesmil

eg elskar deg.

26.apr.2009 @ 00:41
URL: http://hjartesmil.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8598308