så gjør vi så

etter at me kom heim frå herlege henjingadn i dag, har eg hatt vaske og skrivedag.

eg har vaska (nesten) alle dei finaste t-skjortene mine, for hand. det tykkjer eg dei fortener, det går så hardt for seg inni den fæle vaskemaskina. eg vil ikkje risikere noko takk. forøvrig er det berre fint å handvaske slike klede, fordi då får eg ein sjanse til å verkeleg kjenne på stoffet. og stoffet er kunsten. stoffet er den store skilnaden.
                                                    (spør du meg)

forrige rull  04

forrige rull  01
(nepalskjorta får ikkje liggje med dei andre fordi ho fargar av.)

elles har eg stort sett site og skrive musikk i heile kveld, eg skriv på noko som heiter andre fase, som eg håpar skal bli eit ordentleg (litt stort) minimalistisk verk ein gong. får det sikkert aldri framført, men gøy likevel. i morgon reiser eg til fjells att, no for ein lengre periode. masse ski, masse kjæreste & litt gebursdag. det blir stas.

forrige rull  06

når det gjeld påskebodskapen, har jo den- til likskap med julebodskapen- hamna i skuggen bak leik i snøen og rare dyr i freshe fargar. det gjer ikkje meg så mykje, men eg tenkte at eg likevel ville spreie bodskapen, gjennom noko av den mest storslegne musikken eg veit om.

forrige rull  13

de skjønar, i tidlegare tider var det vanleg å skrive pasjonar; skildringar av jesu liding og død. her var det altså rom for store kjensler, og ikkje uventa var høgbarokken sjølve gullalderen for denne sjangeren. heller ikkje uventa, heitte den store kongen johann sebastian bach og hadde rart hår. hans to store pasjonar, johannes- og matteuspasjonen er mellom det aller fremste han skreiv og ikkje minst er det fint å ta fram no i påsketidi. så kan du seia til venene dine at ja visst tek eg vare på påskebodskapen ingen amerikanske kulturimperialistiske eggharar her nei. og då dei høyrde det gjekk dei burt ein etter ein- dei eldste fyrst.

moralen er: gakk heim & høyr på bach.





Kommentarer:
Postet av: Jenny

Min venninne Ellinor synger i et kor som fremførte Johannespasjonen med profesjonelle musikere for noen uker siden. Grøss.
Hvilken avis var dette? Så gøy!

09.apr.2009 @ 10:39
URL: http://jennymis.blogg.no
Postet av: line aurora

du er flink til å vaske klær. så fin stripeskjorte! sannelig. åå alle skal på hytta utenom meg. det er så kjipt. JEG VIL. hilsen line sju år og furtete.

09.apr.2009 @ 11:44
URL: http://lineaurora.blogg.no
Postet av: hjartesmil

hihihih, du er så søt. og flink som vaskar kleda dine sjølv.

09.apr.2009 @ 12:07
URL: http://hjartesmil.blogg.no
Postet av: Kristin

bach er så fint.

11.apr.2009 @ 15:14
URL: http://vent-litt.blogspot.com
Postet av: Arma

jeg trukke vi har NOE gult i huset. Det er egentlig bare vel og bra

11.apr.2009 @ 17:17
URL: http://kjekt.blogspot.com
Postet av: alfhild

Hei lille venn, kjempe-fin blogg du ha. Ha akkuratt lest alt saman og eg er kjempe imponert. det som gjer meg aller mest glad er kor go du e me dotter mi. søt du. flink du. morosam du.

12.apr.2009 @ 23:56
URL: http://alfhild.blogg.no
Postet av: André

No skulle eg eigentleg fretta deg ut om kva Henjingadn er, men så er jo Arma venninna til systera til den kulaste fyren frå folkehøgskulen, kongen av Buskerud, og då vart eg heilt sett ut av å innsjå at verda framleis er så lita og rar.

13.apr.2009 @ 01:45
URL: http://stova.wordpress.com
Postet av: André

Nei, eg veit ikkje noko. Eller jo, det er ei hytte som var heimen til oldeforeldra til ei jente som har ein blogg eg plar kikka innom. Men eg veit ikkje noko om kvifor ho, hytta, har fått eit sånt fint namn. Det er ikkje ofte ein råkar på sånne konsonantsamansetnader der eg kjem frå. Kva tyder dettttt?

14.apr.2009 @ 21:12
URL: http://stova.wordpress.com
Postet av: Kristin

harrods og camden er allereie skrivi ned. med stør, meiner du styrd, som i lemster? hihi. kanskje det var snør du meinte. eg snør at du må handle vintage. eg slør. eg smør.

eg elskar london. og eg må sjå musikalar igjenigjenigjen. chitty-chitty bang-bang!

15.apr.2009 @ 16:38
URL: http://vent-litt.blogspot.com

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8332393