brennande kjærleik
i går var finami sjuk. når ein er sjuk, treng ein kjærleik, mykje kjærleik. difor fann eg ut at det var tid for å finne fram ein gamal vinnar i frå bollar til burritos, kokkeabcen me alle trur oss til.

brennande kjærleik går ut på ein utvida pølse og potetstappe. då må du fyrst koke poteter. gjerne litt mange, og gjerne i bitar så det går fort. det er ikkje under nokon omstende unnskulda å bruke posestappe.

når potetene er kokt, mosar du dei saman med mjølk (helst heil), salt, pepar og eit eller anna grønt, til dømes rosmarin.

medan potetene kokar tek du til å steike pølsene, som du allereie har delt i fine strimler. dersom du har litt bacon, er det òg godt. lauk skal du òg ha, men ikkje ha den i før pølsene er nesten ferdige. me vil ikkje ha bedehuskarbonadesmørbrødlauk, me vil ha deilig, mjuk så vidt gyllen lauk. stor skilnad.
no, server med eit eller anna raudt, ketsjup eller noko meir avansert, alt etter kva du har tid til, men det skal helst smaka syntetisk tomat. kjempeeinkelt, kjempekjapt og kjempegodt.

og gjet kva; i dag er ho frisk!
ikkje-drama
eit ikkje-drama i fire dagar av jostein avdem fretland
ho: no er klokka halv, eg må gå!
han: ok, vi sjåast snart! hadet! (dei sender slengkyss, medan ho går nedover den tronge gangen)
(han ser etter ho, legg seg att)
(han vaknar)
(stille, maurice durflé spelar)
(stille, aphex twin spelar, han arbeider ved pulten)
(interessa falnar, folk går)
tolkien om ringdrotten
«Om det er noko indre meining eller «bodskap» i boka, har forfatteren ikkje tenkt ho slik. Ho er korkje allegorisk eller knytt til hendingar i tida.
(...)
Men eg mislikar allegori av fullt hjarte, på alle vis, og det har eg gjort frå eg vart gamal nok og aktsam nok til å merke meg kvar slikt finst. Eg likar helst soge, sann eller oppfunnen, med ulik appell til klangbotn, tanke røynsle hjå lesaren, medan allegorien er styrd av siktemålet til forfattaren.»
sjå!
kopar
å menneskje, syng tenoren, omkransa av stille strykarar. ein obo dansar inn og du knepper opp skjorta. mezzoen klagar medan dei koparraude gardinene fort blir trekt føre. i taket opnar himmelen seg, men under brest jordi.
stoppa sokkar
kastrere katten eller
ein kan også vandre omkring som ein springar i eit sjakkspel og vente på stundi når Lg5 kjem og eg skjønnar kva veg det ber. høyre på madrigalar og syngje med kontratenoren som best eg kan, før barokken gjer meg overflødig. fyre i jøtulen med tømde ølflasker og gamle bindersar, i von om å finne sanning i logane.
viss ikkje kan eg la den sløve sagi grava gjennom skinnet mitt, ta ut eit stykke meg til ho som sit taus og fortærer. eg kan enno ein gong smile nøgd med at hjartet ikkje sit i låret, og håpe at det held seg slik. er eg heldig, forsvinn ho når ho er mett. er eg heldig, knirkar det i døri når ho kjem, så eg høyrer ho.
kvar er du i alt dette; sit du i lyngen med ein plukkar og blå fingrar. spring du nedover eit fortau for å nå ein trikk. dansar du sveitt i blodfersk rus, er du gøymd bak koparraude gardiner i eit hus eg aldri har sett.
nyårsdag
Men gongen då du fell ventar. Framme i lysingi står han, med skinande sverd og rusten brynje. Svartbroten og med grove andletstrekk. Du fryktar han meir enn alt, og elskar han meir enn livet. Du spring mot han men forsvinn vekk. Du flyktar frå han, men ser augo hans nærme seg. Nyårsdagen er komen, kvar er rakettane.
Blitzsljoset blendar deg og du skvett bakover. Du er omgjeven av dei du elskar, graset og stjerneskota. Du er heime, vener syng og jenter dansar. I vestlidi ser du palmeblada kvervlast og fara opp mot tempelet. Du ser målet, strammar ryggsekken og legg av stad. Kart finn du der. Skoa tek du av. Ventetid kan koma når ein visnar, då kan ein vente på slutten, lata tempelet koma til seg. No spring du mot den store elvi over marki, rimet ligg sylvaktig og lyser vegen. Du kiker rundt alle svingar om brui snart kjem, men ho er ikkje å sjå. Alle vegar har ei bru, tenkjer du. Sjølv om du har rett i det, veit du ikkje kvar du finn ho, så du er like langt.
Då eg kom att, sto du framleis der, med små striper storkna blod i håret. Du var bøygd innåt veggen, og ribbeina dine var lause. Eg tok dei ut og skapte ei kvinne, nokon til å ta seg av deg, men du stengde ho ute. Resten av natti sto ho utanfor og hamra på glaset, til ho endeleg sokk saman på den frosne plenen. Eg tiltala deg for utruskap mot skapingi og dømde deg til døden, du steina deg. For kvar gong blir du mindre å plukke opp, og du spør deg kor mange augo som må til for å sjå det. Du skjønnar at det er seint, og legg deg, til straumen dreg deg opp og inn i kvervelen att. Palmene utanfor veks og visnar i takt med di eiga rotning. Ekorna i hagen byggjer hus til vinterern og fyller dei med tenner og anna dei fann. Det var faen til torsdag, du seier det høgt, så ingen høyrer det.
diskokule med ila skule
i natt fekk eg ikkje sova fordi det var så fint ute.

då batteriet på kameraet rauk, la eg meg og somna.
stop motion
mat når alt anna er for stort og
sidan sist har eg vore ei veke i palestina. inntrykka var altfor mange og altfor overveldande til å skrive om no, så det får vente. det som derimot er jordnært og triveleg nok er å fortelja om den arabiske middagen eg laga til mariell for å feire at vi var heimkomne. ein sikker vinnar på det arabiske kjøkenet er nemleg maklouba, ein slags kjuklingformaktig substans.
uansett, du kokar ein del kjukling (ja, du kokar den) med kjuklingbuljong og kanskje litt safran. når kjuklingen er ferdig, tek du han ut og så kan du leggje risen i bløyt i buljongen. og så kan du godt laga litt grønsaker, til dømes paprika og lauk.

dei skal helst steikast i maklouba-krydder, som eg kjøpte på¨marknaden i jerusalem. dit kan jo du reise òg, eller så kan du heilt sikkert finne oppskrifter på nett med gode erstatningskrydder som går an å få tak i her.

som i dei fleste arabiske rettar, er hakka og rista mandlar ein naturleg del av maklouba. eg trur du med hell kan strø dei oppå til slutt.

ok, no kjem det morosame! start med ein tom kjel. så legg du nedi kjuklingen, sprer den litt utover, og syter for at det blir eit hol på midten. oppå kjuklingen legg du grønsakene, før du fyller holet med ris og legg resten på toppen. til slutt tek du vatnet du hadde risen i og tømmer på toppen. då blir det omlag slik:

no er det ein god del væte som må koke inn. det skal den få lov til. i mellomtidi kan du koke turkish coffee til kjærasten din, fordi det får ein gjerne når maten er forseinka i arabia.

(skal serverast i små, små koppar)

den er sterk og søt og heilt fantastisk.

ah, mykje betre. når du føler på deg at den er turr nok, er du klar til å servere. då tek du ein tallerken og legg som lok på kjelen. så snur du kjelen opp ned. ideelt sett ligg då makloubaen som ei vakker formkake på tallerkenen og du får evig god sjølvtillit på kjøkenet. det er mange mellomstadium mellom dette og katastrofe, og det er heilt lov å pynte litt på formi før du serverer. uansett, min maklouba såg slik ut:


så må du ha førebudd ein agurksalat, den skal helst vera agurk og tomat, men dersom du - som meg - har gløymt å kjøpe tomat, kan du jo vera kreativ. sjølv om eg ikkje er heilt sikker på om sølvlauk er fyrstevalet. yoghurt derimot, er heilt nødvendig. naturell, altså.

sånn, då er den ferdig. til dessert kan du eventuelt laga baspousa (som eg faktisk har lært meg å skrive på arabisk, بسبوسة), det laga eg i går kveld. det er godt og har kokos og semulegryn.
attende i byen

Etter eg hadde vore og øvd på kvelden, trong mariell og eg ei unnskyldning for å eta lemon curd frå stockholm, så difor tok eg på meg att førekledet og baka scones.

sånn, no skal eg på blindern og gjera meg klok.
laurdagsgraut
eg ser på laurdagsgraut som ein sentral del av matkvardagen. i går fekk eg endeleg laga graut til oss, slik som besta laga han før. det betyr at du må stå og røre mest ein time, men det er han verd.

fyrst koke opp ris og vatn og salt (gjerne litt mindre salt enn eg tok, men ein god del likevel).

så rørerørerørerørerørerørerørerørerøretildublirørenavårøre!

så rørerørerøre litt til!
og så blir han plutseleg ferdig! då må ein laga til eit fint bord! helst skal ein eta på flattallerknar, for det gjorde alltid besten og besta. og besta var ein leiande autoritet på laurdagsgraut.

hugs grauten!

sånn!
kriblingar
i dag kjenner eg det krible i meg. eg har nett prata med han som skal bli læraren min ei stund framover og avtala time. endelaus øving utan retning eller mål er så frustrerande og om sjølv om det er tre veker til, har eg iallfall noko å øve fram mot. det gjer meg glad!

sjå, så glad!
anna som gjer meg glad er den fine boki med fransk grammatikk eg fann i dag i ei kyrkje. eg skjønnar ikkje så mykje, men litt, sånn som L'alphabet français se compose de vingt-cinq lettres og Ces vingt-cinq lettres de l'alphabet se divisent en voyelles et en consonnes. Uttalereglar går òg fint; i est long dans église, dans gîte, et bref dans petite. o est long dans rose, dans apôtre, et bref dans botte.

snart skal eg bli flink! og tenk så fint viss eg endar opp med å tala mellomkrigsfransk! det håpar eg.
kort og kaffi
det har gått ei tid sidan det førre innlegget mitt - det lett-erotiske diktet, veit de. vi er altså i hovudstaden no, og vi bur her. rart, men heilt utruleg fint. eg har teke til på musikkvitskap, har fått ein triveleg klasse og fine øvingsrom. eg trur alt ligg til rette for ein vedunderleg haust.
eigentleg veit eg det.

i grøderik jord
å byggje eit gjerde
nykelen til grindi
var svennebrev
no er eg byggmeister og læser meg
inn og ut kvar gong
avlingi treng vatn
forfatteri forfattera
For å skrive romanar må ein først og fremst vere fylt av eit kontrollert raseri og ei kjensle av at ein skal ut og ta dei, jævlane. - Ragnar Hovland
eg sit på turistkontoret og skriv søknad til furore-stipendet. tenkjer at eg skal ta dei, jævlane, veit berre ikkje heilt korleis. no grunnar eg på formuleringar og nyanseringar, for at det skal bli mest mogleg tydeleg at eg faktisk treng pengar.
elles får eg meir og meir respekt for ragnar hovland. det er noko deilig upretensiøst ved hans måte å skrive på. eigentleg minner han meg om arve henriksen; stille virtuositet. ta til dømes bussen til peking, som opnar med dei fyrste vel 50 sidene av ein krimroman, utan noko form for løysing - glitrande lite sjølvhøgtideleg. eg trur neste bok på leselista mi lyt bli åleine i alpane.
men fyrst: a concise chinese-english dictionary for lovers. og altså furore.
a year from easter
i dag har eg prøvd å overtyde familien min om at musikken til arve henriksen og christian wallumrød er noko av det flottaste som blir laga for tidi. då eg hadde noko vekslande hell med dei, prøver eg på dykk i staden. lat att augo dykkar, og opne øyro. høyr her.
elles er det no klart at eg skal studere musikkvitskap på universitet i oslo frå hausten av. eg har til og med takka ja både til studieplassen og til leilegheiti finami og eg skal dele. alt er liksom klart til at vi skal reise no, eg er spent på om eg er det. eigentleg trur eg det.
moldejazz var fantastisk, ein sju dagar lang, vedunderleg telttur. fina og eg sov i telt på ein camping og var harmoniske non-stop. eg for på konsertar og arbeidde, medan ho slappa av og kosa seg. eg var på mange fantastiske konsertar og samla inspirasjon som ungane samlar russekort ein glad vårdag. joshua redman, the thing, jaga og ikkje minst - før nemnde - arve henriksen og christian wallumrød lærte meg (utan å veta det sjølve) mykje viktig om korleis ein kan laga musikk. er det ikkje fint?
så no skal eg halde fram med å arbeide, førebu meg til å bli gal musikkvitskapsmann. det kan bli artig.



